LERUM CUP 2020 ER UTSATT

Arbeidsutvalet i Lerum Cup hadde 25. Mars eit videomøte der ein diskuterte den situasjonen som råder i landet med covid 19 – viruset som preger oss akkurat nå. Slik det er så var ein einige om at å arrangera Lerum Cup i Mai ikkje let seg gjera.

Alterantiva var enten å avlysa eller å prøva ei utsetting. Ettersom LS 2020 er avlyst, så såg ein muligheter som åpna seg i august, og etter ein positiv dialog med DFS sentralt, så vel ein å prøva å utsette Lerum Cup 2020 til helga 6. til 9. august, og håper med det å kunne gje skyttarane ei fin oppleving mot slutten av utesesongen.

Det vil komme meir informasjon etter kvart, for me lyt sjå an situasjonen og om dette let seg gjera. Men me håpar å kunne ta imot førehåndspåmeldinger i perioden 15. til 18. Juni, og at web-påmeldinga kan åpne 1.juli.

Korleis det vil bli med sponsorar til premieplakaten vår er usikkert slik situasjonen er , men me prøver å jobbe med det. Så får vi heller håpe at skyttarane ber over med ein litt redusert premieplakat i år, hvis me klarar å gje dei ei fin skyteoppleving tross alt.

Endeleg beslutting blir teke på eit nytt møte i Juni, så får me håpe at viruset som herjar har fått herja seg ferdig og at situasjonen er ansleis då slik at dette let seg gjennomføra.

For dei som har reservert seg overnatting til Mai, så får de ta kontakt med reiselivsbedriftene, og sjå om de kan få booka om reservasjonen. Det finnes også en del andre gode mulighetar for overnatting i Indre Sogn. Det går an å ta kontakt med oss på vår meiladresse post@lerumcup, så kan vi gje tips og råd til løysingar.

 

Sponsorar