Målrock og Lerum Cup samtidig

Årets store musikkfestival i Indre Sogn, Målrock, er altså planlagt samme helga som vi har flytta Lerum Cup til. Det gir ein del utfordringar for både arrangørar og tilreisande fordi det blir rift om både dugnadsfolk og overnattingsstader.

Målrock har sin hovedscene i Meieriparken på Årdalstangen, og ligg på baksida av Klingenberg Hotell. Det vil sei at Klingenberg Hotell vil vere fullpakka med gjester denne helga dersom arrangementa let seg gjennomføre.

Klingenberg Hotell driftar også Tangen Pensjonat som ligg rett over for hotellet, samt Sitla Hotell i Øvre Årdal. I tillegg har vi Utladalen Camping og Svalheim Gard der man kan leige seg både hytter og rom i hovedhuset. Her får man også ferdig oppreidde senger, frukost, og man kan bestille seg lokale til festmat om kvelden. Svalheim Gard er ein koseleg stad med flinke folk, og anbefalast. I tillegg er det sjølvsagt oppstillingsplasser for campingvogner og bubilar.

Kontaktinformasjon til alt dette finnes på våre nettsider, det er berre å utforske. Det vil vere ein kjempebonus hvis Lerum Cup kan bidra til at arrangøren av Målrock også får solgt fleire festivalpass.

Informasjon om Målrock kan man finne på arrangøren sine nettsider. Link her.

Arrangørane av Målrock og Lerum Cup i Årdal må samarbeide om dugnadsfolka denne helga, men vi har god tru på at vi skal få dette på plass hvis arrangementa berre let seg gjennomføra. Og det håpar vi på !

Men begge arrangementa lyt altså forholde seg til dei rettnngslinjene som myndighetene pålegg oss.

 

Sponsorar