Oppdatering Lerum Cup 2020. (26/5-2020)

Arbeidsutvalget hadde telefonmøte mandag 25. Mai, for å drøfte situasjonen. Arbeidsutvalget er framleis innstillte på å arrangere Lerum Cup 2020, og vi planlegg for arrangement. Men det er ein del usikkerhetsmoment, som vi treng å få avklaring på.

Mellom anna er vi spente på kva som kjem av oppdateringar i koronareglementet den 15.Juni, då Regjering og Helsmyndigheter har sagt dei vil komme med oppdaterte retningslinjer. På grunn av at dei nye retningslinjene, som vi forventer vil komme, vil ha betydning for vårt arrangement, så vel vi å utsette perioden for førehåndspåmelding til dagane 23. til 25. Juni. Altså ei veke fram.

Uansett vil årets Lerum Cup bli eit arrangement der vi må ta hensyn til Covid-19. Arrangørane kjem til å følgje dei reglar og rettningslinjer som vi blir pålagde. Det blir difor utarbeida planar som skal gjelde under arrangementet, tilpassa dei ulike arenaene. Dette vil vere planar som syner korleis vi skal håndtere alt frå parkering- påmelding- opprop, inn og ut av standplass, opphold på standplass, og i det heile tatt. Vi må sikre oss at vårt arrangement ikkje fører til smittespreiing.

Arrangørane jobber også med å få oversikt over kva mannskap vi kan stille, slik at vi ikkje går på noko som vi ikkje klarer å gjennomføre. Det er ferietid også for våre folk, og dette arrangementet vil nok kreve litt meir enn vanleg å gjennomføre.

Vi legg opp til eit vanleg Lerum Cup i henhold til dei planer som var , og er , lagde. Det vil sei det blir torsdag til søndag, med skyting for arrangørane nokre dagar tidlegare. Etter dei signala som ligg føre no, så vil det vere tillatt med 200 skyttere pr. dag. Så sjølv om vi legg opp til eit full-skala arrangement, så vil vi måtte begrense oss til dei rettningslinjer som vil gjelde. Vert det åpna for fleire seinare, så skal vi også kunne åpne opp for fleire. Men dette lyt altså berre tiden vise.

Vi har satt av tid til nytt møte 16. Juni. Då håper vi å kunne avklare om det blir Lerum Cup, og korleis arrangementet vil bli. Så inntil då får vi berre vere tolmodige, men vi håper at det ordner seg, og at vi får til Lerum Cup også i år.

Sponsorar