Oppdatering Lerum Cup (17/6)

Arbeidsgruppa hadde nytt møte i går kveld. Arrangørane er positive til å arrangere Lerum Cup i August, og trur vi skal få det til. Det er ein del avklaringer som må på plass før vi åpner for påmelding, så vi ser oss difor nøydd til utsette datoane for påmelding ei veke til. Så datoar for førehåndspåmelding vil no vere 30. Juni til 2. Juli.

Påmelding via web tek vi sikte på å åpne 7.Juli.

Blant dei avklaringane som må på plass er kor stor kapasitet vi kan køyre med. Det blir difor jobba med DFS og dei lokale smittevernlegane for få avklart definisjonar på det gjeldande regelverk. Kor mange kan vi ha inne på arenaen ? Kva er definisjonen på arena ? Kva meinast med 1 meter mellom skyttarane ? Er det mellom skuldrar, mellom føter, eller kva er det. Er parkeringsplassen utafor arenaen ? Osv.

DFS opererer med 200 skytter pr. dag, men når vi må rekne med både sjåfører og anna reisefølgje i det tallet, så blir det plass til betydeleg ferre skyttarar. Vi er nøydde til å forholde oss til dei smittevernreglar som gjeld, og er difor nøydde til å ha dette heilt klart. Vi må vite kven vi er plikta til på ha oversikt over, og korleis.

Og skulle det bli åpna for fleire seinare, så skal også vi kunne åpne for fleire.

Det andre som det jobbast med å få klart, er kva mannskap arrangørane klarar å få på plass. Dette er ei uvanleg tid for oss å arrangere, det er folk på ferie, og det er folk som er ferdig med ferien og tilbake på jobb. Det ser ut som at det skal kunne løyse seg, men det er eit par arrangørar som treng litt meir tid for å få avklart situasjonen.

Når det gjeld opingstider på banene, så har vi satt torsdag frå klokka 16:00, og fredag frå klokka 13:00. Laurdag og søndag startar vi 08:30. Vi kjem til å  ha 45 minutt pr. lag, fordi vi skal ha tid til å gjere klar standplassen igjen før neste lag får marsjere inn. Men desse tidene vil og vera avhengige av kva kapasitet vi får lov til å køyre med, spesiellt med kor tid vi avsluttar dagane.

Det som er klart, slik reglane er no, er at dei som skal inn på standplass for å skyta må vera sjølvhjelpne. Det er fordi vi ikkje kan fylle opp standplassen med folk, og at dei arrangørane som er der må i henhold til reglane holde minst 1 meter avstand.

Dette vil vere eit nytt terreng å arrangere i for oss på fleire måtar. Det er eit uvanleg tidsrom for oss, men i tillegg så er det altså ein del smittevernreglar vi må forholde oss til. Det kjem til å bli oppropsplass og organisert inn- og utmarsj på alle arenaer, så det vil kreve meir av oss som arrangører. Men det vil bli laga oppslag med felles rutiner for alle arenaer, slik at det skal vere forutsigbart kva alle må forholde seg til. Vi vil ha flest mulig deltakarar, uten å bryte rettningslinjer for smittevern

Sponsorar