Endring for Lerum Cup

Oppdatert 25/6.

Farnes Skytterlag melder at dei trekker seg frå årets arrangement fordi dei ikkje makter å stille nok mannskap til å lage eit forsvarleg arrangement for både arrangører og deltakere.

Aurland Skytterlag har tidlegare signalisert at dei kan vera interessert i å vera med om nokon trekker seg, og dei har iverksatt hasteinnkalling av sitt styre for å diskutere saken i morgo.Aurland Skytterlag har, etter styremøtet sitt onsdag, bestemt seg for å vere med som den femte arrangøren i Lerum cup 2020. Dei søkte arrangørhjelp frå Tønjum Skytterlag, og fekk så bra respons at dei tok utfordringen.

Dette er vi andre arrangører utruleg glade for. Hatten av og applaus til Aurland Skytterlag med Tønjum Skytterlag på laget.

Påmeldigskjemaet vårt, som de finn på denne sida er oppdatert med Aurland i staden for Farnes, men til dykk som allerede har lasta ned og fyllt ut, de treng ikkje starte på nytt. Send berre det skjemaet de har, så går det heilt greitt.

 

Sponsorar