Tidspunkt for Lerum Cup 2018

Lerum Cup-utvalet ser alltid framover, og på eit møte tidlegare i vinter vart vi enige om tidspunkt for Lerum Cup 2018.

Vi diskuterte oss fram til at torsdag 10.Mai til Søndag 13.Mai vil vera den ideelle helga for vårt arrangement. Når vi nå ser dette i samanheng med at FrendeCupen (Norgescupen) er bestemt av skytterstyret skal starte 24.-27.Mai så er dette perfekt.

Vi kan difor nå publisera at tidspunktet for Lerum Cup 2018 vil altså vere 10. til 13.Mai.

Akkurat no er vi inne i ein intens sluttspurt, og gledar oss til å ta imot omlag 900 skyttarar til Lerum Cup 2017.

Sponsorar