Arrangørane er klare for årets eventyr.

Skyttarlaga i Indre Sogn er no klare til å ta imot nærmare 900 skyttarar med familar til årets store skyttarfest i Sogn. Aldri har vi hatt så mange påmelde nokon gong. Når vi år etter år trur at no har vi nådd toppen, så er det altså stadig fleire som har fatta interesse for våre arrangement, og som ynskjer å delta. Og det er vi svært takknemlege for. Det betyr at vi gjere noko rett. Lerum Cup berre befestar sin posisjon som eit av dei aller største arrangementa i Norge.

Og når vi ser på kva skyttarar som er påmelde, så ser vi at det bugnar av toppskyttarar frå heile landet. Det er skyttarar som har meritter frå både Landskyttarstemner og Nordisk Meisterskap.  Skyttarkongar, Skyttarprinsar, og Skyttarprinsesser. Ja, så gar ei Skyttardronning er på plass. Det borgar for at vi får sjå masse god skyting med absolutt topp kvalitet. Og når vi ser kva desse skyttarane har levert av resultat så langt denne sesongen, så garanterer vi at vi får mange toppresultat også hjå oss.

I tillegg til alle desse toppskyttarane, så kjem den store breidden av skyttarar. Skyttarar i alle aldrar, frå 10 år og til nærare 90 år, for å konkurrere i sine respektive klassar. Dette gir eit mangfold som svært få idrettar, og idrettsarrangement kan skilte med. Og vi kjem til å få sjå mange gode skyteprestasjoner i både dei yngste, og dei eldste klassane, for jammen er der mange som verkeleg kan treffe blinken.

Vil du oppleve stor idrett, masse idrettsglede, og gjerne kose deg med ein kaffi med noko godt attåt, så ta turen til ei av skytebanene nær deg. Du er hjarteleg velkommen. På alle banene vil du finne full cafeteria-drift med god mat og god drikke, og gjerne også nybakte godbitar. Og det vil vera live-visning av skivene, så du kan følgje skytinga skot for skot. Eller minutt for minutt, som det heiter på TV.

Du kan sjølvsagt også følgje alt, og halde deg oppdatert via interett. I gjennom vår suverene resultatserivce som du finn på 2017.lerumcup.no vil du finne komplett resultatservice frå alle stemner, på enkeltstemner og alle samanlagtresultat, oppdaterte for kvart einaste skyttarlag som har vore i aksjon. Og du vil sjølvsagt også finne live-visning av alle skiver frå alle arenaer.

Gjennom resultatsidene frå enkeltstemner kan du finne lagvise oppropslister slik at du kan finne ut akkurat når dine håpefulle skal i ilden, eller når toppskyttarane går på standplass.

Og leitar du etter resultata til dine skyttarar eller ditt skyttarlag, så finn du også ein søkemulighet som gjere at du lett kan søke deg fram til akkurat dei resultata du vil finne.

For gje deg ekstra lyst til å følgje med kan du sjå vår video som vi fikk laga for to år sida, den viser kva Lerum Cup er, og kva mangfold vi kan vise til.

Video Lerum Cup

Då er det berre å ynskje arrangørar, skyttarar, publikum, og heile Sogn lukka til med arrangementa. Vi gledar oss, og håper at dette blir eit nytt godt arrangement på alle måtar.

 

 

 

Sponsorar