Lerum Cup 2017 er i gang

Lerum Cup 2017 er i gang, og det gjekk ikkje lenge før vi fekk sjå topp skyting. Vebjørn Abelsen Vik frå Sogndal skaut seg inn i 350-klubben på det første stemnet.

Skyttarar frå arrangørlaga innleia årets Lerum Cup i går med skyting hjå Knipenborg og Farnes. Sogndal sine skyttarar åpna hjå Farnes, og dei sette standarden frå start. To ungdomar hadde 250 poeng etter 25 skot. Dette var Tor Kristian Dulsvik og nemnte Vebjørn Abelsen Vik. Begge skyt i klasse Eldre Rekrutt.

Vebjørn gjorde heller ingen feil i omgangen, og kunne stolt juble for å ha nådd milepelen 350 poeng for første gong. Tor Kristian, som har skote 350 før, måtte denne gongen tåle ein 9er på det aller siste skotet, og stoppa dermed på 349.

I kveld held skytinga fram hjå Sogndal, Leikanger , og Hafslo, så då får vi sjå om det kjem fleire toppresultat.

 

 

Sponsorar