Kim Andrè Lund vant Lerum Cup 2017

Kim Andrè Lund får Jondalen Skytterlag vant årets Lerum Cup i klasse 3-5. Han oppnådde totalpoengsummen 1734 poeng på dei fem stemnene.

Han var ikkje påmeldt i utgangspunktet, men i føglje lokalavisa så bestemte han seg brått seint fredag kveld for at han måtte over fjellet for å få med seg Lerum Cup. Det seier litt om kva posisjon Lerum Cup har fått i Norge, for det er ikkje feil å sei at det er Norges beste skytter vi snakker om her.

Han kom altså uanmeldt, og vant heile cupen. Han vant også to av enkeltstemnene, Knipenborg og Hafslo. Han oppnådde det beste enkeltresultatet med 349 (24) på Hafslo. Det var det berre ein 9.9 på det siste skuddet i liggserien som skilte frå full pott. Men det er uansett ny banerekord på Hafslo. Liv Sollesnes hadde den forrige med 5 innertiere mindre.

Ellers ser vi god skyting i andre klasser og. Hanna Synnøve Huser, Blaker, i klasse ER skyt 350 på alle stemner. Vi ser Einar Skovly, Råde, som vinner klasse Junior i hard kamp med Maria Engen Skogly frå Røyken og Hurum. Og vi ser sjølvsagt Odd Kolsrud, Begnadalen, som nok ein gong er uslåeleg i V73.

Lerum Cup 2017 er gått over i historien. Nå er det tid for evaluering, og ettertanke. Vi leverer nok ein gong deltaker-rekord, det er vi takksame for, men vi ser og at vi framleis har forbetringspotensiale. Det skal vi jobbe med fram mot neste år.

Vi takker alle for denne gang, og så ynskjer vi alle hjartelig velkomne tilbake i 2018. Då vert Lerum Cup arrangert i tidsommet 9. til 13. Mai.

 

Sponsorar