Førehåndspåmeldinga er avslutta

Førhåndspåmeldinga via e-post er no avslutta, og vi har runda 500 påmeldte skyttarar. Det er vi godt fornøgde med. Det har vore lagt ned mange timar i løpet av desse dagane, mest med koordinering og fordeling av skytetider, men også med innlegging av påmeldinger til Mitt Dfs.

Vi håper at alle som har sendt inn lister no har fått skytetider som vil fungere, og alle får ei triveleg helg i Sogn. Nokre har også lagt med ynskje om godt vèr og gode skyteforhold, men det er det dessverre ikkje vi som styrer. Men det er lov å håpe.

Vi ynskjer alle ei riktig for påske, og minner om web-påmeldinga som åpner tysdag 3.April.

For å lette arbeidet for dei som skal leite etter ledige plassar og melde seg på via web, så finn de ei oppdatert oversikt HER

GOD PÅSKE!

Sponsorar