Skyttarfesten nærmar seg.

Årets vakraste skyteeventyr nærmar seg med stormskritt. Påmeldinga syner at skyttarfesten blir om lag like stor som i fjor. Vi hadde frykta ein nedgang i år, men det viser seg at våre trufaste gjester vender tilbake. Og det er vi sjølvsagt glade for.

Vårt motto er at vi skal vere meir vertar, en vi er arrangørar. Det betyr at alle skal føle seg velkomne hjå oss, og bli mottekne på ein hyggeleg måte. Alle skal trygt kunne henvende seg til ein av våre gode vertar, og alltid få svar på dei spørsmål dei måtte ha. Ingen spørsmål er for dumme, og ingen spørsmål skal stå ubesvarte.

Vi starter skytinga allereie søndag 6.Mai. Då reiser arrangørlaga frå Årdal over fjorden for å skyta hjå Sogndal, Leikanger, og Hafslo. Så kjem dei andre motsatt veg måndag 7.Mai. Så får vi ein pausedag på tysdagen, før det heile smell i gang på onsdag 9.Mai. Og då er det full gass til laurdag kveld.

I påmeldingslistene finn vi skyttarar frå Målselv i nord, til Søgne i sør. Og det er skyttarar frå den ypparste toppen i DFS, til den store breidden i vår organisasjon. Så her møtes eit breitt spekter til dyst. Og det er vår grunnsetein at vi skal famne breidden. Så dette er imponerande og utruleg moro.

Men det er arbeidssamt. Alt frå planlegging, førehåndspåmelding, klargjering av arenaer, til gjennomføring av arrangement krever om lag 700 dugnadstimar hjå kvar arrangør. Det vil sei at gangar vi dette opp med 5 , så er vi ein stad mellom 3500 og 4000 dugnadstimar totalt. Så det er eit massivt løft for å få dette arrangement på plass. Men når vi går på med godt humør, vi samarbeider godt og hjelper kvarandre, og møter den responsen som vi gjer kvar vår, så er dette veldig kjekt. Vi håper at alt skal gå på skinner, men ingen kan garantere noko 100%. Vi gjere i allefall det som står i vår makt for at dette skal gå bra.

Vèrmeldingane ser bra ut, i allefall i første del av veka, så vi håper på fine skyteforhold for alle, og at alle tilreisande får eit fint opphold i vakre Sogn. Fjellvegane over Sognefjellet og Tindevegen mellom Turtagrø og Årdal er brøyta opp og åpna, så alt skulle ligge til rette. Vi ber likevel dei tilreisande om å følgje med på vegmeldingar på Statens Vegvesen sine sider, og køyr forsiktig.

HJARTELEG VELKOMNE TIL LERUM CUP!

Sponsorar