Lerum Cup 2018 er i gang

Vi er i gang med ein ny årgang Lerum Cup, og Tor Kristian Dulsvik, Sogndal, åpna med fullt hus på sin eigen heimebane. 350 poeng med 26 innertiere satte standarden allereie i det aller første laget.

Seinare fulgte fleire opp med fine personlege rekordar, så dette lover godt for det som skal skje utover i veka.

I kveld er vi i gang på Loi Skytebane og Mjøen Skytebane, henholdsvis Knipenborg og Farnes. Så får vi sjå om den fine skytinga held fram. Alt skulle i allefall ligge godt til rette.

Vi ser fram til mykje god skyting og god stemning rundt om på våre arenaer i veka som kjem. Og kanskje får vi ein, eller fleire, banerekorder også i klasse 3-5. Alle baner har rekorder på 349, og vi er veldig spent på kven som blir den første til å nå magiske 350 poeng hjå oss.

Kim Andrè Lund vant fjorårets Lerum Cup, og sikra seg med et første aksje i Gullpotten som må vinnast tre gonger. Gullpotten kan altså først gå ut neste år, og ettersom vi legg NOK 2000 kroner i potten vil den då vere på NOK 6000,- .

Kim Andre er påmeldt også i år, men får garantert konkurranse frå mange andre, for det er eit sterkt startfelt som stiller til dyst også i år.  Så ein skal ikkje sjå vekk frå at det går fleire år før Gullpotten blir utløyst, og då vil den vokse seg endå større.

Ellers er det gode skyttarar i mange klassar, både på 200 meter og på 100 meter, så det blir skarp konkurranse om dei beste plasseringane, og om dei ulike premiekategoriane våre.

Dette blir spennade!

 

 

Sponsorar