Avslutting av 2018. Åpning av 2019.

Arbeidsgruppa har hatt sitt evalueringsmøte, og vi var samstemte i at Lerum Cup 2018 har vore eit av dei beste. Skjeldan har vi hatt slå lite problem. Berre Hafslo hadde ein utfordring med sitt anlegg torsdagen, som dei jobba hardt for få opp og gå igjen. Noko dei klarte, og dei var klare igjen til fredag slik at stemnet vart lite hindra, og dei som vart råka fekk tilbod om å komme tilbake for å skyte på nytt.

Deltakartalet for 2018 ligg om lag på nivå med 2016. Om lag 820 skyttarar har vore innom og delteke på eitt, eller fleire, av stemnene. I snitt ligg vi ca 40 deltakarar under rekorden frå 2017.  Og samanlikna med 1.runde i Frende Cup, har vi fleire deltakarar så vi har all grunn til å vere godt nøgde.

Det vi ser er at vi ikkje har vore gode nok på er avsluttning på arrangementa våre, og utdeling av dei premiar som skal ut. Fleire av dei som vant Lerum – premiar i 2017 etterlyste desse, dei fleste har fått sine no, men det står nokre att. Desse skal naturlegvis på plass, og her vil vi jobbe for å finne bedre løysingar.

Avtalen vår med Lerum går ut dette året, og skal no evaluerast, og reforhandlast med Lerum. Då vil også desse Lerum-premiane blir eit tema, og vi vil freiste å finne andre løysingar for dei slik at dei vert lettare å administrere og at dei raskare kan finne vegen til sin eigar.

Når det gjeld datoane for Lerum Cup 2019, noko mange heilt sikkert er interesserte i, så kom vi til at helga 9. til 12. Mai vil vere Lerum-Cup helga neste år. Konklusjonen var i grunn enkel å komme til. Helga etter er 17.Mai, og ergo ikkje brukbar. Helga etter det er det første runde i Frende Cup. Den kan vi ikkje kollidere med. Og siden det alltid har vore viktig for oss å arrangere før 1.runde i Frende Cup, så gav helga nærmast seg sjølv. Det kolliderer med konfirmasjonar hjå oss, men dei utfordringane får vi prøve å  løyse.

Resultata for årets Lerum Cup er endelege, og premielistene for samanlagtresultata kjem til å bli publiserte ganske så snart. Hugs på at det er nedfelt i kriteriane i enkelte premiekategoriar at det må vere fem deltakarar i klassen på alle stevner for at resultat vert teljande, eller at premie vert utløyst. Alle pengepremiar kjem til å bli overført til skyttarlaga gjennom at det blir oppretta eit eige stevne i DFS-systemet, kalla Lerum Cup, og pengane blir då overført på vanleg måte.

Til slutt ynskjer vi alle ein god sommar, og oppfordrar alle til å melde seg på LS i Stjørdal.

 

 

Sponsorar