Vårtreffen 2019

Medan du ventar på Lerum Cup 2019, så er det fullt mulig å oppleve enda eit våreventyr i Sogn. Vi arrangerer nemleg også tradisjonen tru Vårtreffen.

Vårtreffen er åpninga for utendørssesongen i Sogn, og blir markert med to banestemner og to feltstemner samme helga. I år er datoane 5. til 7. April.

I Vårteffen inngår altså heile fire stevner. Farnes og Knipenborg arrangerer kvar si åpne banestevne 5. og 6, April. Søndag 7. april arrangerer Knipenborg og Tønjum kvar si åpne feltstevne.

Banestevnene vert altså arrangert på Farnes sin bane på Mjøen, og på Knipenborg sin bane på Loi. Der vert det vanleg 35 skot for alle klasser.

Knipenborg sitt feltstevne vert arrangert på Hovland Gard i Naddvik, med påmelding i ungdomshuset som ligg like nedanfor. Tønjum sitt stevne vert arrangert på Borgund, med påmelding i det gamle kommunehuset, ligg ved siden av Joker-butikken,  på Steinklepp. Skiltet avkøyring frå E16 ved kvileplassen for vogntog.

Opplegga for begge feltstevnene vert slik at grovfelt og finfelt går saman gjennom samme enkle løype, slik at opplegget skal passe for alle.

Det vert lagt ut påmelding via dfs-systemet. Vert å merke seg er at for feltstevnene vert det lagt ut førehåndspåmelding kun til Tønjum sitt stevne. Det er lagt opp slik at man skal starte hjå Tønjum, og så får man skytetid fortløpande ved ankomst hjå Knipenborg. Då unngår vi kaos, og vi får flyt i arrangementa.

Køyretid mellom Tønjum og Knipeborg (Borgund – Naddvik) er ca 45 minutt.

Det vil bli cafè med mat og drikke.

Fullstendig innbydelse finn du HER

Sponsorar