Rekordtidleg åpning av fjellvegane


(Arkivfoto)

Det ligg an til ei rekordtidleg åpning av fjellvegane vår. I følgje Statens Vegvesen planlegg dei å åpne Sognefjellsvegen allereie 12.April. Dette er tre veker tidlegare enn normalt.

Kombinasjonen av mindre snø enn normalt, og sein Påske, gjer til at ein vel å brøyte vegen før Påsken setter inn. Men dette er høgt til fjells, og er sjølvsagt vèravhengig. Vegen vil også vere nattestengt den første perioden.

Også Tindevegen vil få ei tidleg åpning, men denne er ikkje venta før ca 1. Mai. men det vil likevel vere i god tid før årets store skyttarbegivenheit, Lerum Cup, startar.

Vi viser elles til sak om brøytinga i Sogn Avis HER

 

 

 

Sponsorar