Førehåndspåmelding via e-post

Det er klart for førhåndspåmelding av grupper via e-post. Frå 25. til 28. Mars, tek vi imot påmeldinger via e-post, og det er eit stort apparat som no er klare til å sette i gang.

Alle påmeldinger skal sendes til vår påmeldingsadresse, paamelding@lerumcup.no, der vår påmeldingskoordinator tek imot, organiserer, og tilpasser alle lister slik at vi kjem så nær opp til alle ynskjer som det er mulig å komme.

Å etterkomme alle ynsker er ei umulig oppgåve, så ein må pårekne at tildelte skytetider kan avvike frå det som er ynskt. Men vi gjere vårt aller ytterste for at alle skal bli fornøgde.

Alle som sender inn påmeldingslister vil få eit automatisk svar på at påmeldingen er mottatt. Når påmeldingane er ferdig behandla, blir dei puljevis sende vidare til arrangørane, som har sine folk som legger dei ut på Mitt Dfs. Vi reknar med stor pågang, og mykje arbeid, så dette vil sikkert ta noko tid, og sikkert også variere frå arrangør til arrangør kor tid det kjem ut på Mitt Dfs.

Sjølv om vi i måten vi har organisert oss på, har fleire sikkerhetsbarrierer for å fange opp feil, så kan det likevel skje at feil slepp igjennom. Det er difor viktig at dei som melder på følgjer med på at alle påmeldte kjem med. Det er også viktig at skyttarane står oppført med riktig skytterid når dei blir meldt på.

Skyttarane blir også påmeldt på den standplass dei står oppført under på lista. Det vil altså så sei at dukker det til dømes opp ein Eldre Junior under 200 meter, så blir han meldt på der i klasse 4.

Skulle det skje at ein links-skytter havner midt inne i eit lag under påmeldinga, så er ikkje det noko å bry seg med. Det ordner vi når stevnet starter, slik at links-skyttarane alltid får fløyskive.

Skulle det vere eventuelle spørsmål, så er vi alltid mottakeleg for det.

Sponsorar