WEB-påmeldinga nærmar seg

Påmeldinga til Lerum Cup 2019 går nå over i ein ny fase. Det har vore mykje arbeid med alle e-postane som er kome inn, men alle skal nå ha fått plass. For å få plass til alle, har det vore nødvendig å skyve litt på skyttarar som allerede hadde fått skytetider. Dette handlar kun om små justeringar, som ikkje skal skape problemer for nokon, men det er greitt å oppdatere seg.

Det er som vanleg god spennvidde blant dei påmeldte. Vi får besøk av dei ypparste i Norge, til den store breidden. Og dei kjem frå både nært og fjernt. Så det blir fine dagar og mykje moro desse Mai-dagane i Sogn.

Det som er viktig nå, er at skyttarane sjekker sine skytetider, og at dei skyttarane som ikkje kjem melder seg av så fort som råd for å frigjere plassane for andre.  Det begynner å bli nokså fullt til ein del tider, men det skal framleis gå an å finne ruter gjennom løypa.

Web-påmeldinga starter 7.April, så då er dette ute av våre hender. Då lever påmeldinga sitt eige liv, men vi kjem som vanleg til å følgje med og holde oversikten.

Ein skjematisk oversikt over ledige plasser finn ein HER

 

 

 

Sponsorar