Vårtreffen gav banerekord

 

Under Vårteffen som har gått av stabelen denne helga i indre Sogn, der fjorden går på land, fekk vi oppleve noko vi aldri før har opplevd her inne. Anette Thingbø Sundnes, som nå skyt for Balestrand skyttarlag, varta opp med ein perfekt forestilling, og skiva viste til slutt 350 poeng, med 19 innertiarar.

Anette er den første som oppnår full pott på Loi Skytebane, og med det sletta ho Tor Harald Lund sin gamle rekord. Dette gjere jo og til at forventningane til det som skal skje i Mai, no er lagt på topp.

I morgon søndag, blir det arrangert feltstevner der Tønjum er arrangør på Borgund, og Knipenborg er arrangør i Naddvik. Det ligg an til å bli ein fantastisk fin søndag med feltskyting. Knipenborg køyrde eit lag gjennom løypa i dag, og også er her er lista lagt nokså høgt. Yngve Natvik enda med eit resultat på 30/17, så her er ikkje noko å gje vekk for dei som skal prøva seg i morgo.

Vi håpar på godt oppmøte og held på så lenge det er skyttarar……og dagslys.

 

Sponsorar