Strålande ver, rekordmange skyttarar og fantastiske prestasjonar kan oppsummere LerumCup 2014!

Samanlagtvinnar i klasse 3-5 vart Trond Bergan med 1734(108). Dette er og det beste samanlagtresultatet nokon gong i LerumCup. Katrine Lund frå Jondalen hadde den gamle rekorden med 1733(94) i 2012.

Bergan og Røyseth

Her er ei oversikt over alle samanlagtvinnarane (uoffisiell liste fram til alle laga har publisert resultata sine).

Klasse Vinnar Poengsum
R Hannah Johansen, Time 1746(109)
ER Markus Andreas Aadland, Tysse 1749(129)
J Jenny Stene, Haga 1743(107)
V55 Oddvar Staxrud, Tingelstad 1723(80)
V65 Arne Kjelby, Bergen 1746(106)
V73 Odd Kolsrud, Begnadalen 1749(161)
1 Trond Inge Asheim, Oppedal/Brekke 1223(49)
2 Henrik Gravem, Sunndal 1696(53)
3 Bendik Dale Fiskerstrand, Langevåg 1681(66)
4 Sander H. Engvik, Stord 1693(63)
5 Trond Bergan, Jondalen 1734(108)

Arrangørane vil og takke samtlege skyttarar for at de tok turen til Sogn og LerumCup 2014! Vi vonar de har hatt ei flott oppleving, og at de tek turen til LerumCup i 2015.