LerumCup 2015 vart i år opna med ein ordførarduell på skytebana på Kaupanger. Sjølv om opplegget og ramma var uformell, var det 5 nervøse ordførarar som la seg ned og lada opp til fyrste serie.

Resultatlista var slik:
1. Jan Geir Solheim, Lærdal 238 poeng
2. Olav Lunden, Leikanger 236 poeng
3. Jarle Aarvoll, Sogndal 233 poeng
4. Ivar Kvalen, Luster 217 poeng
5. Arild Ingar Lægreid, Årdal 195 poeng

Før duellen fekk ordførarane informasjon om LerumCup, DFS og Prosjekt LS2015-2017.

LerumCup takkar alle ordførarane for at dei var sporty og stilte opp til opninga av årets store skytehending i Sogn!

Media var og til stades, her er reportasjen i Sogn Avis.

Her er nokre bilete frå skytinga (Foto: Leikanger skyttarlag)

7-Ivar Kvalen

Ivar Kvalen

6-Jarle Aarvoll

Jarle Aarvoll

5-Ordførarduell 2

Ordførarane klare på standplass

4-Ordførarduell

Nøgde skyttarar

3-Taktikk

Taktikk er viktig!

2-Sogn Avis intervjuar Ivar Kvalen

Sogn Avis intervjuar Ivar Kvalen

1-Jan Geir Solheim vart lansert som favoritt

Jan Geir Solheim vart lansert som favoritt

8-Olav Lunden

Olav Lunden med blinken i siktet!