Trond Bergan frå Jondalen vann LerumCup 2015 samanlagt i klasse 3-5, som han og gjorde i 2014. Med 1733 poeng og 92 sentrumstreff var han 2 poeng føre Roger Ottosen frå Vestre Toten. På 3. plass enda John Olav Ågotnes frå Sartor med 1729 poeng.

NR. NAVN SKYTTERLAG KL. SAMANLAGT *
1 Trond Bergan Jondalen 5 1733 92
2 Roger Ottosen Vestre Toten 5 1731 99
3 John Olav Ågotnes Sartor 5 1729 94
1-bergan

Trond Bergan. 1773 poeng og samanlagtsiger.

Oppdaterte resultatlister finn de her: http://2015.lerumcup.no/

Det er viktig å merke seg at resultata ikkje er offisielle før alle stemneoppgjera frå alle 5 arrangørane er lasta opp og godkjende.

LerumCup 2015 kan og vise til ny deltakarrekord. Totalt 739 skyttarar deltok på eit eller fleire av stemna dette året. I fjor var dette talet 572.

Skyttarlaga som arrangerer LerumCup vil takke alle som tok turen til årets stemne, og me vonar me og får besøk av Dykk i 2016!