Stegastein

Reiseruter for rundtur i Sogn:
Alternativa for å legge opp ei reiserute i Sogn under Lerum Cup er mange, det er mange innfartsvegar, og tilbuda i Sogn er mange for dei som vil oppleva ting også utafor skytebana. Sjekk ut info-sidene våre med diverse linkar.

Vi har her satt opp nokre alternativ til reiseruter for tilreisande skyttarar:

Til Sogn via Rv 50, Hol-Aurland, vidare til Sogndal- Leikanger, retur til Årdal, og retur via Fv53 Årdal Tyin. Alternativ retur via Rv52 Hemsedal.
– med denne reiseruta kan man til dømes skyta Aurland fredag, Leikanger og Sogndal på laurdag, og Knipenborg og Farnes på søndag før retur.

Til Sogn via Rv55 Sognefjellet, Tindevegen til Farnes, Knipenborg, vidare til Aurland, over til Sogndal – Leikanger, og retur via Rv 55 Sogndal-Gaupne, Sognefjellet.  (Eller snu ruta)
– med denne ruta kan man skyte Farnes og Knipenborg fredag, eventuellt berre ei av stevnene, Aurland og eventuellet ei av stevnene i Årdal laurdag, og Sogndal og Leikanger på søndag.

Til Sogn via Fv 53 Tyin-Årdal, vidare til Sogndal-Leikanger, tilbake til Aurland, og retur via Rv52 Aurland Hol.
– Med denne ruta kan man skyte ei av stevnene, eller eventuellt begge i Årdal fredag, skyte Sogndal og Leikanger laurdag, og Aurland på søndag.

Til sogn via E16- Bergen-voss- Aurland, vidare til Årdal- Sogndal-leikanger, og retur via Rv13 Vikafjellet. Eller motsatt.
Kjem man E16 kan man skyte Aurland på fredag, stemnene i Årdal på laurdag, og Sogndal-Leikanger på søndag. Kjem man via Vikafjellet kan man skyta Leikanger og Sogndal på fredag, stemnene i Årdal laurdag, og Aurland på Søndag.

Til Sogn via RV52 Hemsedal, til Årdal- vidare Sogndal-Leikanger, tilbake til Aurland, og retur via Rv 50 Aurland-Hol
Med denne ruta kan man skyta stemnene i Årdal på fredag, Leikanger og Sogndal på laurdag, og Aurland på søndag. Alterantivt kan man skyte Sogndal-Leikanger på fredag, Knipenborg-Farnes laurdag, og så til Aurland, og retur Aurland-Hol.

Det finnes sikkert andre måtar å legge oppp turen på, men dette er nokre alternativ. For dei som ynskjer å få med seg utsikten over Aurlandsfjorden frå Stegastein (bildet), må dei berekne litt lenger tid og legge turen via Fv 243 mellom Aurland og Lærdal.

Lykke til med planlegginga!

VELKOMEN TIL SOGN!