2014-05-24 16.34.51

Vi hadde aldri drøymt om det i år, men pågangen til Lerum Cup har vore rekordstor! Godt over 700 skyttarar har allerede meldt sin ankomst. Vi slit faktisk med kabalen for eigne skyttarar.

Det er heilt sikkert fleire som sit og prøver å finna løysningar for seg og sine, og det er ikkje lett. I allefall ikkje på 100 meter, der gjeld det å tenkje alternative ruter. På 200 meter skal det gå rimeleg greitt. Dei som slit må gjerne sende oss ein mail, så skal me prøva å hjelpa. Me kan ikkje lova at det løyser seg, men me skal prøva.

Til sist er det viktig at skyttarar som er påmeldt, og som ikkje kjem for å skyta blir avmeldt igjen slik at plassen vert åpna for andre som vil melda seg på.