cropped-lerumcup2016.jpg

Arrangørane er klare til å ta imot skyttarane til Lerum Cup 2016. Mykje dugnadsarbeid er lagt ned på dei fem arenaene i forkant av stevnene, og mykje arbeid vil det bli under arrangementet også. Men vi gledar oss til å ta fatt, og håper å kunne gje alle tilreisande gjester ei triveleg oppleving i Sogn.

Vår lokale mediaportal porten.no har vore på Mjøen og sjekka forholda hjå Farnes skyttarlag. Farnes er klare til Lerum Cup

Går alt som vi har planlagt, så kan du også sjå livebilder frå standplass hjå Knipenborg under årets Lerum Cup. Dette er ei nyvinning for oss, vi veit ikkje korleis det vil fungere, men  porten.no har lånt oss utstyr til å streame livebilder frå Lerum Cup. Det blir spennande å sjå om vi får det til å fungere.

Vi ynskjer i allefall alle skyttarar med familiar og vener velkommen til vårens vakraste skyteeventyr; Lerum Cup 2016!