Eileen

Lerum Cup 2016 er i gang, og toppresultata lot ikkje vente på seg. Eileen Torp (bildet) presterte 348 hjå Knipenborg.

Liv

Liv Sollesnes

Liv Sollesnes presterte også 348 i Sogndal, etter å ha prestert 347 i Aurland. I Leikanger vart det litt tyngre og den fire ganger skytterprinsessa oppnådde “berre” 343. Men Liv er framleis med i kampen om å vinna Lerum Cupen, då ho har to stevner igjen.

Eileen gjorde unna alle 5 stevnene måndag, men totalt 1720 poeng held nok ikkje til noko topp-plassering.

Vegard Eikevik

Vegard Eikevik

Av andre resultat kan nevnast at Sigurd Hatlenes, V65 frå Farnes, skaut fullt hus 350 hjå Sogndal. Det samme gjorde Vegard Eikevik, ER frå Sogndal, hjå Knipenborg. Vegard fulgte også opp med 349 hjå Farnes, så ungguten er godt i gang.

Lerum Cup held fram utover veka, og drar seg verkeleg til på fredag ettermiddag og inn i helga. Det blir spennande å sjå