Anette Thingbø

Anette Thingbø

Lerum Cup 2016 susar vidare, og resultata strøymer inn. Anette Thingbø frå Time stod for den heilt store prestasjonen på Låvi i Aurland, då ho skaut seg inn i 350 klubben. Det er vel unødvendig å seie at dette også er ny banerekord.

Anette har teke leiinga i årets Lerum Cup samanlagt i klasse 3-5, men greidde ikkje heilt å følgje opp det flotte resultatet på dei andre arenaene. 346 hjå Knipenborg og 343 på dei tre andre stemnene gav sluttsummen 1725 poeng. Det vil nok ikkje holde heilt inn. Men det blir ein fin plassering til slutt.

Karsten Totland

Karsten Totland

I klasse V73 er Karsten Totland frå Riple godt i gang med 350 både hjå Aurland og Knipenborg. Så gjenstår det å sjå om han klarer å holde oppe trykket på resten av cupen.

I klasse Rekrutt har Bjørn Olav Robøle frå Øystre Slidre skote 349 hjå Knipenborg og 345 hjå Farnes, og ligg med det svært godt an i sin klasse.

Bjørn Olav Robøle

Bjørn Olav Robøle

Det samme gjere Kjersti Fagerlund frå Tønjum, som skyt i klasse Junior. Ho åpna med 349  hjå Sogndal på mandag, før ho i går vitja Aurland og leverte 348. Så Kjersti blir å rekne med i det gode selskap hvis ho held fram på dette nivået.

Kjersti Fagerlund

Kjersti Fagerlund