Tor Kristian

Tor Kristian Dulsvik

Nok ein dag er til ende på Lerum Cup. Nokre lukkast godt, andre lukkast ikkje fullt så godt. Slik er skyttarsporten. Tor Kristian Dulsvik frå Sogndal er nok dagens gladaste gut etter at han sikra seg det etterlengta medlemskapet i 350 klubben.

Ungguten frå Sogndal small til med 350 27* på sin eigen heimebane. Og då sat jubelen laust. Tor Kristian leiar no rekruttklassen på fleire stemner, og også samanlagt, så det vert nokre spanande dagar for å sjå kor langt dette held.

Jon-Hermann Hegg

Jon-Hermann Hegg

Jon-Hermann Hegg, frå Hegg Skyttarlag, inneia på aller beste måte då han prikka inn 350 poeng hjå Knipenborg, og fulgte opp med 348 hjå Farnes. Jon-Hermann blir ein mann å rekna med i klasse Junior.

Anette Thingbø leiar framleis samanlagt i klasse 3-5, men det lurer mange “gjedder i sivet”. Det er mange som har skutt berre ei, eller to stevner, og mange har enda ikkje starta.

Vi kan til dømes nevne at Jens Kristian Larsen frå Løiten har skutt berre Aurland der han oppnådde 348. Lise Margrethe Rinde, Åsane/Hordvik har også skutt berre Aurland og presterte 347. Liv Sollesnes og Gunnar Hallbjørhus skal vi heller ikkje gløyme, dei avsluttar sin skyting først på søndag ettermiddag.

I tillegg har vi skyttarar som John Olav Ågotnes, Jan Kåre Moland, Geir Atle Metveit, Knut Erik Svarstad, og Roger Ottosen som enda ikkje har starta. Så det er enda mykje å glede seg til. Vi startar opp att skytinga laurdag morgon klokka 08:30.

Følg med!