Fullt hus!

Fullt hus!

Me skriv fredag, helga er komen, og alvoret startar. No begynner spenninga for fullt. Det bygger seg opp til ei fenomenal skytehelg i Sogn.

Mange har allerede vore i aksjon, nokre har alt gjennomført alle sine fem stevner, og grunnlaget er lagt for at dette blir ei helg med stor idrett, topp resultat, og mykje moro. Lista er lagt høgt, og høgare enn nokon sinne, for å nå i dei gjevaste premiane, så dei som vil nå toppen må ta ut sitt aller beste. Det viser resultata så langt denne veka. Men så er det slik i Lerum Cup at det også er mange premiar som kan nåast sjølv om du ikkje kjempar heilt i toppen. Det er dèt som gjere Lerum Cup til den skyttarfesten det er, og skal vera.

Du kan følgje alt, skot for skot, gjennom våre nettsider med livevisning av samtlege skiver frå samtlege arenaer, med fullt oppdaterte resultatlister i alle premiekategoriar etter kvart einaste skyttarlag, og jamvel også med livebilder frå nokre av arenaene. porten.no syter for levande bilder direkte frå standplass på Loi hjå Knipenborg, slik at du kan følgje alt anten du vel å sitte heime i godstolen, eller komme deg ut til ein av arenaene nær deg som har både cafe og visning av skivene på sin arena. Cafeane har og mykje godt å by på både av mat og drikke, praten går om kva som gjekk galt og kva som skal gjerast betre på neste skyting, og det er mykje liv. Og du er hjarteleg velkomen.

Det blir mykje god skyting, og framifrå spenning desse dagane, så følg med!

Og hugs at vil du dela dine bilder og opplevingar frå din Lerum Cup, så kan du gjera det ved merka bildene med emneknagg #lerumcup 2016.

Besøk gjerne også våre sider på facebook.