Datoane for LerumCup 2017 er klare. I 2017 vert LerumCup arrangert i perioden 19.-21. mai.

Det har vore litt stille frå oss ei stund, det skuldast dels at me har lagt litt på lading, og dels at me har jobba med nokre avklaringar. Vi hadde egentleg bestemt å arrangere neste års Lerum Cup frå 25. til 28. Mai, og det skulle gjerast offentleg under årets cup. Dette er ei langhelg og heilt ideèll for Lerum Cup.

Men så “stjal” DFS helga vår til 1.runde i Norgescupen, slik at me måtte gjera om på planane våre og finna andre løysingar. Eit anna moment som vart med i planlegginga er 2. runde i norgescupen 2017, som skal vera på Vestlandet, og truleg havnar i fanget på nokre av oss.

Vi såg difor på ulike løysingar for desse to arrangementa, men landa altså til slutt på at Lerum Cup blir 19.–21 mai. Ikkje ei ideèll helg, men slik blir det. Arrangører blir Leikanger, Sogndal, Knipenborg, Farnes, og Hafslo.

Så vil Sogndal, Hafslo, og Aurland søka om 2. runde i Norgescupen i Juli. Det er altså nokon som tek på seg eit stort arbeid neste år. Dette gjere at to av banene i Lerum Cup blir dei samme som også blir brukt i 2. runde av Norgescupen, hvis det går slik vi trur.

Vel møtt!