Det har vore mykje innsats, og mykje att og fram, men no føler me at me er klare til å ta i mot påmeldingar. Me veit at veka som kjem blir arbeidsom, og me veit at det er mange som vil kome til oss.

Og det er me utruleg beæra for. No er det ein gong slik at me har visse restriksjonar å forholde oss til. Me har jobba for å få dette til, og DFS sentralt ved Jarle Tvinnerheim har delteke aktivt for at me skal få dette til. Me får ikkje fullrost han nok, for han har verkeleg stått på, samtidig som han også har sine rettningslinjer han må følgje. Men i godt samarbeid har me kome fram til det me meiner er ein god løysing. Me har laga ein plan som me er enige om er innafor dei rettningslinjer som gjeld, og som me kjem til å arrangere etter.

Når me skal arrangere eit så stort arrangement som Lerum Cup er vorte, i den tida me no går inn i, i ferietida til dei fleste, så gir det oss utfordingar me aldri har hatt før. Denne gongen reknar me med at det vil vere mange fleire som er med på turen, som ikkje skal delta som skyttar på stevnene våre. Og det har vore utfordringa vår. Korleis skal vi klare å løyse dette, når me kun kan ta imot 200 personer kvar dag. Me vil ha flest mulig deltakarar, men me vil absolutt ikkje bryte dei smittevernreglar som gjeld. Me verken vil, eller kan, bryte dei reglar som gjeld. Dei berre må me forholde oss til, og det reknar me med at alle aksepterer uten plett og lyte.

Difor vil dei som kjem til oss i år, møte unormale arenaer. De vil møte avgrensa arenaer der det vil vere soner der kun deltakande skyttarar vil ha tilgang, dette for at vi skal kunne ta imot 200 deltakarar kvar dag. Påmelding, opprop, og standplasser vil vera innafor dei avgrensa områdene, og der vil som sagt kun deltakande skyttarar ha tilgang.

Me ynskjer at ein person kan melde på alle dei reiser saman med, slik at ferrast mulig må innom påmledinga. Dette for å ungnå mest mulig trengsel. Det vil kun vere kontantlaus betaling.  Me veit at skyttarfolket er eit pliktoppfyllande folk, løysingsorienterte, og difor er me rimeleg trygge på at dette vil gå smertefritt.

Det vil vere oppslag på den enkelte arena, fordi dette må tilpassast den enkelte arena, korleis gjester skal forholde seg. Dette kjem det meir informasjon om også på våre nettsider.

Det vil vere oppropsoner på alle arenaer der alle skyttarar må møte 10 minutt før tildelt skytetid. Dette er for at me skal ha kontroll på laga, og få gitt nødvendig informasjon om standplassopphald før innmarsj 1 og 1. Det vil også vere viktig at utmarsj forgår i henhold ti gjeldande avstandsreglar.

Det kjem til å vere åpen kiosk på arenaene, men med ein noko anleis meny. Men me skal ha både mat og drikke. Og så er me forespeila å få den nye Zerooh brusen frå Lerum til salg. Det blir spennande

Det vil ikkje vere tilgang til å skyte på ledig plass. Det er kun tildelte skytetider som gjeld. Om ein vil skyte på mulig ledige plasser må ein kontakte den aktuelle arrangør på telefon for å registrere seg, før ein ankommer den aktuell arena. Det er fordi at me må påsjå at vi er innafor gjeldande reglar om max 200 deltkarar pr. dag.

Så er det slik at på grunn av dei reglar som gjeld, så må dei skyttarane som skal delta vera sjølvhjelpne på standplass. På grunn av avstandsreglane så kan me hverken fylle opp standplassane med folk, og heller ikkje kan våre folk hjelpe dei som er der. Me må rett og slett holde avstand.

Av samme grunn bør alle som deltek ha kammerflagg. Det vil hjelpe på visitasjonsreglementer der skytter sjølv må visitter og forevise det til kontrollør. Og alle som skal skyte må ha med eige liggeunderlag.

Me kjem til å måtte ha redusert kapasitet, både for å forholde oss til 200 skyttarar pr.dag, og for å overholde avstandsreglane på standplass. Men me skal gjere vårt aller ytterste for at så mange som mulig skal få innpass til vårt arrangement.

Me er sjølve veldig spente på tida som kjem, kor stor pågang får me, og korleis skal me løyse dei utfordringar som møter oss. Det blir ei spennande tid. Vår påmeldingskoordinator som skal ta imot alle påmeldingane kvir seg mykje meir enn vanleg, men går på  med friskt mot. Det blir ein tung jobb, men han gjer det han kan for alle. Det er me i allefall heilt trygge på.

Det me kan love, er at me skal gjere vårt ytterste for alle som vil komme. Men det kan også skje at me må beklage til nokon som dessverre ikkje får plass. Vi håper ikkje å komme i den situasjonen, alle får ikkje sine ynskjer oppfyllt, me kjem til å måtte endre på både skytetider og rekkefølgje på skytetider, men vil gjere absolutt alt det vi kan. Likevel kan det bli nokon som blir skuffa.

Men uansett skal me gjere vårt aller beste for at dei som kjem til oss skal vere trygge, og får eit flott opphald hos oss som vanleg.

Indre Sogn har utruleg mykje å by på, for dei som planlegg å legge ferien hit. Det er berre å sjekke ut dei lenker vi har til reiselivet i indre sogn på våre nettsider. For dei som liker opplevingar i norsk natur er dette på alle måter rett og slett eit Mekka. Men her er også mykje anna å finne på.

Ein cruise-tur på Sognefjorden med den gamle æreverdige Tya-båten for eksempel.

Me ynskjer som vanleg alle velkomne til oss, og til fantastiske dagar i indre sogn.

Til slutt må me berre legge til at me er djupt imponert og takknemlege for at Aurland tok utfordringa på strak arm. Og me må også takke Tønjum Skytterlag som  på utfordring frå Aurland stiller mannskap til rådighet slik at dette vart mulig.

Det blir ein anleis Lerum Cup, men som det stod i ein kjent sang: «Vi gir alt, alt for Norge».