Vi er framleis nøydd til å forholde oss til smittevernreglane, og kan dessverre ikkje ta inn meir enn 200 skyttarar pr. dag. Difor vil ein del skiver vere reserverte av arrangørane for at vi skal kunne ha kontroll på dette. Vi kan ikkje ha heilt opne sluser, for då har vi brått 250 skyttarar ein dag, og er langt over den tillatte grensa.

Når vi nå snart skal åpne for web-påmelding, så kan ikkje det skje uten begrensninger. Etter at vi har gjennomført førehåndspåmeldinga, og lagt inn våre eigne skyttarar, så har vi nærmare 500 påmeldte. Det har vore mykje utfordringar, og det har teke ein god del tid, men vi har klart å finne skytetider til alle som har meldte seg på til nå.

Spesielt er det laurdag som er vanskeleg å finne ledige plassar på no, der er det kun få ledige plassar tilgjengeleg. Men det er bra med tilgjengelege plassar både torsdag, fredag, og søndag. Det som er viktig å ha med seg, er at det er mulig for arrangørane å flytte på dei tilgjengelege plassane, så lenge vi ikkje har nådd grensa på 200, men då må den aktuelle arrangøren kontaktast direkte, så kan det åpnast skiver for eksempel klokka 13:30 i staden for klokka 18:00.

Det er og mulig å bruke epostadressa post@lerumcup.no for henvendelser til arrangørane, for den adressa når alle arrangørane. Då kan det også tenkjast at vi kan bidra med andre tiltak for å hjelpe så mange som mulig til å få plass i årets Lerum Cup. Det kan vera mulig med ekstra lag torsdag, og det kan og vera mulig med nokre ekstra lag onsdag ettermiddag, men då må vi vite om behovet.

Påmeldingsadressa blir kun sporadisk lest, så den må ikkje brukast no.

Så er det slik at skulle myndighetene komme med lettelser på reglane under vegs, så skal også vi følgje etter og gjere fleire skiver tilgjengeleg.

Då håper i at dette går bra, og at det løyser seg for dei som no sit og ventar på å få melde seg på hjå oss. Det kjem også ny nettside, så sjekk gjerne innom den. Det vil sikkert vere litt nedetid på sida i overgangen.

Så minner vi om smittevernreglane som vil gjelde:

  • Alle skyttarar må vera sjølvhjelpne på standplass. Ingen andre enn dei som skal skyta får tilgang til avgrensa arena og standplass, og arrangørane må også holde avstandsreglane
  • Alle skyttarar må ha med eige liggeunderlag som dekker kroppen
  • Alle skyttarar skal møte til opprop seinast 10 minutt før tildelt skytetid
  • Innmarsj blir organisert 1 og 1. Det same med utmarsj.
  • På enkelte standplasser vi det vere redusert kapasitet med omsyn til avstandsreglane, så det er viktig at skyttarane forheld seg til anvisingane dei får frå arrangørane slik at avstandsreglane blir overholdt.
  • Visitering av våpen etter skyting skal utføres av skyttaren sjølv. Kontrollør skal påsjå at det vert gjort. Bruk av kammerflagg anbefales, for det vil gjere det lettare for kontrollørane å sjå at kammer er tomt.
  • Kontaktflater blir desinfisert før standplassleder gir neste lag klarsignal til innmarsj. Det vil også vere utplassert håndsprit på veg inn og ut av standplass.
  • Vi oppmoder om at alle i same reisefølgjet vert påmeldt av same person slik at køen blir minst mulig ved påmelding.
  • Det er kun kontantlaus betaling; Kort eller vipps.

                          Viktigast av alt; Ta vare på kvarandre.