Vi får ein del henvendelsar, og føler at det er behov for å komme med ein del informasjon. Informasjon er viktig i desse tider.

Skilting: For dei som ikkje har vore hjå oss før, så vil det som vanleg vere skilta fram til dei ulike skytebanene. Det vil vere vegvisarar med LerumCup-logoen på, som viser veg slik at alle skal kunne finne fram veldig greitt.

Informasjonstavler: Våre gjester vil bli møtt av ulike plakater/oppslag, med diverse informasjon som det vil vere viktig å sette seg inn i. Det vere seg i forhold til påmelding, opprop, opphold på standplass, osv.

Regstrering av gjester: Det vil vere lagt ut protokoller lett tilgjengeleg ved inngang til alle arenaer der alle gjester må skrive seg inn med navn, telefonnunmer, og tidspunkt. Dette er for at alle skal vere registrert i tilfelle vi får eit smitteutbrudd, og helsemyndighetene må til med smittesporing.

Kiosk/Cafèteria: Det vil vera opne kioskar og cafèteriaer på skytebanene. Det vil vere råd å kjøpe seg mat, drikke, kaffi, vafler, mm.

Livevisning: Det vil bli forsøkt å tilrettelegge for livevisning på skyttarhusa, men 1-meters regelen vil gjelde. Så det kan vere begrensa med plass. Det vil uansett vera visning, og full resultatservice, på nett. På dei banene som har wifi, vil det vere mulig å logge seg på.

Grafiske Skytekort: Desse blir lasta opp på nett, slik at vi reduserer kontaktpunkt med omsyn til smittefare. Alternativt vil skytter få med seg utskrift når ein går frå standplass. Dette blir det informert om på dei ulike arenaene.

Skyting på ledig plass: Etter at DFS letta på smittevernreglane, så er det nå også mulig å få skyta på ledig plass. Her vert det praktisert venteliste.

Utsyrsleverandører med stand: Det er fleire utstyrsleverandører som har meldt at dei vil vere til stade med stand. Dagfinrud vil vere å finna i Aurland, Skytterlinken hjå Knipenborg, og Norma hjå Leikanger.

Forøvrig så vil arrangørane følgje DFS sine gjeldande smittevernreglar, og kjem det endringer så vil vi også sjølvsagt følgje etter,

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til Lerum Cup