Lerum Cup har som vanleg ein stor premiepott, som skal delast ut. Og i år er den endå meir innholdsrik enn nokon gong. Vi er heldige som har mange støttespelarar som gir oss muligheten til å presentere så store og flotte premiar. Og mange av dei kan man vinne berre ved å delta.

Lerum

For det første så er det vår hovudsponsor som gir oss mulighet til å premeiere samanlagtvinnarar i alle klassar. Det er premiar til ein verdi NOK 20 000,- i reine pengar, pluss Lerumprodukt og effekter til ein verdi av NOK 4000 NOK. Dette er fundamentet til heile Lerum Cup. Lerum støtter oss også på andre områder, og er svært verdifull for oss. I år har dei lansert ein ny brustype som nå er på plass i butikkane rundt om i landet, og den kjem vi også til ha i våre kiosker.

Dette er ein sukkerfri brus type bygget på Zeroh-konseptet som dei fleste kjenner som saft frå før. Nå er det altså vorte ein brus med frisk smak med diskret innhold av kullsyre, som gjere den veldig god å leske seg på. Den finnes i fire smaksvariantar som alle vil vere å finne hjå oss. Vi håper den blir godt mottatt.

ZERoh! Sparkling soda seriebilde.png

Men så har vi i år fått enda fleire flotte gåver å dele ut:

Dagfinrud er svært raus, og gir oss i år heile tre gåvekort, kvart til ein verdi av NOK 3000,-, som vi skal trekke ut til tilfeldige dektakarar som har delteke på alle fem stevnene. Gåvekort nr 1 trekker vi tilfedlig blant deltakarar på 200 meter, gåverkort nr 2 trekker vi tilfeldig blant deltakarar på 100 meter, og gåvekort nr 3. trekker vi blant alle deltakarar. Men felles for alle tre gåvekorta er at du må ha delteke på alle fem stevnene for å kunne vere med i trekninga. Gåvekorta kan nyttast fritt hjå Dagfinrud. Bjørn Dagfinrud vil vera til stade i Aurland med sin salgsstand.

Skytterlinken logo

Skytterlinken gir oss eit gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-. Dette gåvekortet vil vere satt opp til skyttaren med jamnast resultat uansett klasse på 200 meter. Så dette kan du også vinne uten å vere best. Dette gåvekrotet kan fritt nyttast hjå Skytterlinken. Skytterlinken vil vere til stade med sin salgsstand hjå Knipenborg

Norma Bondstrike kuler 6,5 143gr/9,27g | Lyngdal Jakt og ...

Norma gir oss eit gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-, og bil satt opp til skyttaren med beste plassiffer på 100 meter, uansett klasse. Gåvekortet kan fritt nyttast hjå Norma. Norma vil vere til stade hjå Leikanger

Rælingen JFF Ny-medlemsavtale-med-Magne-Landro-AS.aspx

Magne Landrø AS gir oss også eit gåvekort til ein verdi av NOK 1500,- , som er satt opp til skyttaren med jamnast resultat på 100 meter. Nok ein fin premie som kan vinnast uten å vere blant dei beste. Gåvekortet kan fritt nyttast hjå Magne Landrø AS.

Bestill hotellrom til Klasseløpshelgen! - Bjerke travbane

Så har vi fått ytterlegare to gåvekort. Thon Hotell Linne, på Linnerud i Oslo, gir oss to gåvekort, kvart på to overnattingar i dobbeltrom, inkludert frukost. Det eine av desse gåvekorta går til skyttaren med beste plassiffer på 200 meter, det andre skal vi trekke ut blant alle som har delteke på alle fem stevnene, uansett klasse.

VI TAKKER VÅRE BIDRAGSYTERE HJARTELEG FOR GÅVENE OG HÅPER DEI SOM ER HELDIGE Å VINNE KAN FÅ GLEDE AV DEI.

I tillegg til alle desse gåvene, så vil kvart stevne ha sin vanlege premiering med medaljar og pengepreimar.

Og så har vi JACKPOTTEN vår som i år er oppe i NOK 8000,-. Eit napp i den går altså til vinnaren av Lerum Cup samanlagt klasse 3-5, og må vinnast tre gonger for å løysast ut. Kim Andrè Lund frå Jondalen har to napp, medan Tor Harald Lund frå Søgne, vant den ifjor. Og begge to er påmeldt igjen i år. Men dei får hard konkurranse om sigeren i år, for det er mage gode skyttarar som har meldt seg til start. Odd Arne Brekne, Daniel Sørli, John Olav Ågotnes, Anette Thingbø Sundnes, Geir Atle Metveit, Halvor Trane Svendsen, Inge Hvitås, Vegard Solhaug, Trond Bergan, og mange fleire av eliten er med, så det blir eit spennade køyr i toppen også i år.

Så har du ikkje meldt deg på endå, så er det ikkje for seint. Det er endå både tid og plass til å vera med. Men det er berre knapt to veker til vi er i gang. Søndag 2.august smell det først på Hafslo, så vidare til Leikanger og Sogndal. Måndag 3.August startar det hjå Knipenborg og Aurland. Vi håper berre det blir gode, og like, forhold for alle, og at det blir ei flott veke i vakre Sogn. Når alle stevner er satt opp, og alle linkar er på plass, så skal du som vanleg kunne følgje all skyting live, i tillegg til å ha full kontroll på alle oppdaterte resultat, på våre nettsider. Så det er berre å følgje med.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til årets skyttarfest i Sogn!