Lerum Cup 2020 er over. Arrangørane er stolte over å ha fått til ei nærmest perfekt arrangement, alle forhold teke i betraktning. Med alle smittevernreglane og alle forhåndsreglar som måtte takast hensyn til, noko som gjorde årets arrangement spesiellt og meir arbeidskrevande, så er me svært nøgde både med det arbeidet som vart lagt ned av alle frivilige, og også av alle våre gjester som uten untak respekterte dei reglar som gjaldt, og oppførte seg 100% eksemplariske.

Vi må ha lov å sei at vi etterkvart er vorte eit godt drilla og erfarent arrangørkorps, som kjenner kvarandre godt, både på kva vi sit på av kompetanse og behov, og er gode til å spele på kvarandre for å få fram det beste. Det har vi nok tjent på i år, når det kravde så mykje planlegging som det gjorde. Men god kontakt gjennom eigen messengergruppe, og mange teams-møter, gjere at ting som dukker opp blir fort teke hånd om og fikset. Til og med når ein av dei faste arrangørane måtte kaste inn håndkledet, så klarte vi å få på plass det femte stevnet. Det er godt jobba av Aurland og Tønjum skyttarlag som fekk utfordringen.

Vi hadde stort fokus på reinhold og hygiene gjennom heile arrangementet. Hjå Knipenborg vart det nøye ført logg over reinholda, og det kan stå som eit døme at toaletta vart vaska og desinfisert heile 18 ganger gjennom stevnet. Alle bord og andre kontaktflater i skyttarhuset vart også vaska og desinfisert jamt gjennom heile arrangementet, og eimen av sprit kunne gjennast godt. Monitorer på standplassane vart desinfisert mellom kvart lag. Og det vart nok gjort tilsvarande på alle dei andre banene, Men både dei som la ned dugnadsarbeidet, og alle som var innom oss tok alt med eit smil om munnen. Det er ingen problem å arrangere eit så stort skytestevne, når alle bidreg på denne beste måten. Stor takk til alle.

Når det gjeld det sportslege, så såg me veldig mykje god skyting som vanleg. Når vi skal summere opp, så er det to jenter sine prestasjoner som kjem til å stå igjen som noko av det mest fenomenale vi nokon gong har sett.

Lat oss begynne med den yngste:

Bildet kan inneholde: 1 person, står og utendørs
Caroline Finnestad Lund

Caroline Finnestad Lund, frå Søgne Skyttarlag, presterte altså 350 poeng på samtlege fem stemner. Det er så makalaust, at ingen annen junior nokon gong har vore i nærheten av å klare det i heile Lerum Cup sin 11 år lange historie. For å sette det litt i perspektiv; Det skal 175 perfekte avtrekk til på rad!, i tillegg må også prøveskudda sitte. Dei som har vore nærmest er Thomas Krogtorp som hadde 1748 i 2015, og Jenaette Hegg Duestad som ahdde 1746 då hi vant juniorklassen i 2016. Då viser kor høg kvaliteten i juniorklassen har vore opp gjennom. (Jenaette skal vi kome tilbake til).

Caroline vinner juniorklassen i suverèn stil. Nærmeste konkurrent er 4 poeng bak, i snitt vil det sei nesten eit poeng bak pr. stevne. Caroline topper også resultatlista for plassiffer på 100 meter, uansett klasse, med plassiffer 6, og som om det ikkje er nok så topper ho også lista for jamnast resultat saman med to andre. Så det ein heilt vill prestasjon det Caroline Finnestad Lund gjorde under årets Lerum Cup, og ho er berre første års junior. Vi bøyger oss mållaust og djupt i beundring, og vi er rimeleg sikre på at hverken mor eller far var like gode når dei var på Caroline sin alder. Så vi blir ikkje overraska om Caroline også ein dag står med Kongepokalen som skytterdronning.

Bildet kan inneholde: 1 person
Jenaette Hegg Duestad


Så var det Jeanette Hegg Duestad da. Årets startfelt i Lerum Cup er vel det sterkaste vi nokon gong har hatt, så vi forventa veldig mykje god skyting. Men lite konkurranseskyting sette kanskje sitt preg på mange. Men ikkje på Jeanette. For du verden for ein runde ho varta opp med. Ho starta fredag i Aurland med 347, fortsatte til Knipenborg og la inn 348, og til Hafslo og skaut 349. Grunnlaget var lagt for noko stort. Når vi fikk første resultatet laurdag, så trudde vi nesten ikkje det vi såg. Skiva i Sogndal anviste 350 poeng!

Eit stevne stod igjen; Leikanger. Nå måtte vel nedturen komme. Men neida; 348 poeng her også, og smått utrulege 1742 poeng samanlagt. Det er smadring av Kim Andrè Lund sin tidlegare rekord på 1738p. Den einaste som no hadde sjansen til å utfordre Jeanette, var skytterkongen frå ifjor Rasmus Løberg. Men han måtte skyte 350 på begge dei to siste stevnene for å kunne klare det. 347 poeng hjå Sogndal gjorde det sjanselaust, sjølv om han klarte 350 poeng i Leikanger. Også Rasmus Løberg, med sine 1739 poeng, slo den tidlegare samanlegtrekorden, men hadde ingen sjanse til å tukte ungjenta frå Sem, som altså hadde eit poengsnitt på over 348 pr.stevne. Det er heilt villt god skyting.

Jeanette Hegg Duestad vinner altså Lerum Cup i klasse 3-5 i det vi må kunne kalle suverèn stil. For ser vi på plassifferlista, så har ho altså plassiffer 12!. Det har ingen andre 5.klassinger nokon gong vore i nærheten av. John Olav Ågotnes hadde den tidlegare rekorden med plassiffer 22 i 5. klasse. Den vart satt i 2018, men John Olav vart den gongen berre nummer 3 samanlagt. Det viser egentleg kort tøfft det er å vinne Lerum Cup, når ein må prestere på topp nivå i fem stevner på rad. Det er berre å «bøyge seg i hatten», og gratulere Jeanette Hegg Duestad med tidenes gjennomføring i Lerum Cup.

Alle resultat skal vere lasta ut, men vi understreker at resultatsidene på denne sida er uoffisielle inntil noko anna vert sagt. Vi må bruke litt tid på å la reusltata modnast, det må finlesast, og eventuelle feil, dobbetlføringer, og andre ting, må lukast vekk. Vi er takksame for alle tilbakemeldingar vi får, og det må dere berre fortsette med i tiden som kjem gjennom dei kanaler vi har, Både positive og negative. Det er det som kan gjere oss enda bedre.

Vi takker igjen for ei fantastisk stevnehelg, for alle gode og fine kommentarer og tilbakemeldinger vi har fått, og så heilt til slutt kan vi sei at vi planlegger for Lerum Cup 2021 helga 13. til 16. Mai. Datoane er ikkje fastsette, men går det som vi håper og trur så sjåast vi til våren igjen.

Vi takker så mykje for i år, og legger til nokre stemningsbilder frå årets stevne:

Bildet kan inneholde: en eller flere personer, tre, barn, sko, gress, utendørs og natur
Ein gjeng frå Stord tek lagbilete etter skytinga på Loi.
Bildet kan inneholde: en eller flere personer, folk som står og utendørs
Vedlikehold av skiver er ein viktig del av arrangementet
Bildet kan inneholde: 2 personer, folk som står, tekst som sier 'sparebanken sogn og fjordane'
Tom-Vegard frå Norsk Skyttertidende var også i Sogn i helga, så vi får nok omtale også frå han. Her saman med Leif Bjarne Sæle på Leikanger.
Bildet kan inneholde: en eller flere personer og utendørs
Masse flott ungdom frå Ringebu og Fåvang
Kent Fimreite frå youtube-kanalen Hallo Sogn var også rundt om på skytebanene Her er det Jens Terje Hammervoll i Sogndal som blir intervjua. Hallo Sogn kan søkast opp på youtube.
Bildet kan inneholde: en eller flere personer, gress, tre, utendørs og natur
Litt Landsskytterstevne-stemning vart det når skyttarane vart samla til opprop flr innmassj til standpalss. Sjølvsagt med god avstand.