Då kan vi endeleg presentere premieplakaten som syner fellespremieringa for Lerum Cup. Arrangørgruppa var samla tysdag 25/8 for å oppsummere årets arrangement, og for å trekke dei premiane som skulle trekkast ut til tilfeldige deltakarar. Tilbakemedlingane vi har fått er veldig positive, og vi kan konkludere med at både tiltaka vi gjorde med omsyn til smittevern, og arrangementet forøvrig, blei godt mottatt.

Det som gjorde at vi måtte vente litt med publiseringa av premieplakaten, var at det var delt vinnar om nokre av gåvekorta vi hadde. Det måtte løysast med gjevar, slik at alle fekk likt. Det har vi no løyst ved at vi har skaffa fleire gåvekort.

Trekninga foregjekk ved at alle deltakarane vart sortert i eit rekneark, og så blei det brukt ein nummergenerator til å trekke ut dei tilfeldige, og heldige vinnarane. Heile møtet var vitne til at alt gjekk føre seg på rett måte. Og dei heldige var:
-Tilfeldig uttrekt deltakar på 200 meter: Ingebjørn Lønning, Hatlestrand og Ølve, klasse V55. Han får gåvekort frå Dagfinrud verdi NOK 3000,-
-Tilfeldig uttrekt deltakar på 100 meter: Anne Arnesen, Sigdal, klasse NV. Ho får gåvekort frå Dagfinrud verdi NOK 3000,-
-Tilfeldig uttrekt deltakar blant alle: Kirsti Skår, Hardanger, klasse 4; Ho får også gåvkort frå Dagfinrud verdi NOK 3000,-
-Tilfedig uttrekt deltakar blant alle: Per Meel, Balestrand, V55; Han får gåvekort på overnatting hjå Thon Hotell Linne. To overnattingar i dobbeltrom.

Gåvekorta kjem tilsendt i posten. Vi gratulerar alle vinnarane, og håper gåvekorta kjem vel med. Øvrige pengepremiar vert utbetalt ved at det blir oppretta eit stevne i Mitt DFS, og så blir premiane betalt ut til laga som med vanlege pengepremiar.

Vi snakka også litt om Lerum cup 2021. Det er eit luksusproblem for oss at vi har 6 meget gode arrangørar. Aurland steppa i år inn for Farnes på ein glimrande måte. Året i år har vist oss at vi treng alle, så vi har bestemt oss for at Lerum Cup 2021, hvis alt går etter planen, blir eit prøveår med ei langhelg og 6 arrangørar, og då blir det dei 5 beste stevnene som tel på samanlagtlista. Korleis vi løyser det reint praktisk, får vi bruke tida og finne ut. Vi har vore 6 arrangørar ein gong tidlegare, så vi har erfaringer med det og.

Vi takkar igjen alle som var hjå oss for at de bidrog til at vi fekk eit triveleg stevne, vi takkar alle våre sponsorar og støttespelarar, og vi takkar alle dei frivillige som stilte opp på dugnad i mange timar. Vi er avhengige av dykk alle for at Lerum Cup skal bli det det er.

Så håpar vi at vi kan sjåast igjen til våren. Merk av helga 13. til 16. Mai i kalendaren.