Man blir både stolt og rørt av å lese den nye utgåva av NST. Heile 5 sider med flott omtale av Lerum Cup. Det gjere godt å lesa at alt arbeidet vi la ned vart så godt motteke.

Vårt største mål er at Lerum Cup skal vere ein stad der alle finner sin plass, for oss er det viktig at vi treffer breiddeskyttarane på ein god måte, og difor er konseptet som det er. Og når tilbakemeldingane frå skyttarane er at Lerum Cup er viktigare enn sjølvaste Landsskytterstevnet, så er det store ord. Kanskje større enn vi klarer å ta inn over oss.

Men så er det også viktig for oss å få fram at vi er ikkje 8-9 stykker i ein hovudkomitè som arrangerer Lerum Cup åleine. Uten alle dei som stiller opp til frivillig dugnad, enten det er stell av anlegg, vedlikehold, kioskvakter, parkeringsvakter, standplasskontrollører, osv., så blir det ikkje Lerum Cup. Det er like prisverdig og imponerande kvart einaste år, den jobben som blir lagt ned på dei ulike arenaene. Det er alle desse folka som er sjølve grunnmuren i heile Lerum Cup.

Og så er det sjølvsagt alle støttespelarane våre i det lokale næringslivet, med Lerum i spissen, som støttar opp om det arbeidet vi legg ned, og gir oss muligheten til å presentere den premieplakaten vi har, der faktisk tyngden av premiane fordeler seg i breidden.

Sist men ikkje minst, så har vi Kai Wigum og Agnitio som har bygget ei fantastisk nettside til oss, med ein suverèn resultatservice. Det har gitt oss ein styrke, som har synt seg å vere veldig viktig for dei som deltek på Lerum Cup. Vi også la inn alle resultat manuellt dei første åra, til Kai fant ut at dette må kunne gjerast på ein enklare og meir effektiv måte. No er det tre trykk med «musa», og så er alle resultatsider oppdaterte, og vi har alle resultat på ein stad.

Vi planlegg med ny runde med Lerum Cup i Mai neste år, 13. til 16. Mai håper vi å kunne invitere skytterfamilen tilbake til Sogn. Akkurat no pågår det ein terminlisteprosess i regi av Fjordane Skytterkrets som koordinerer alle arrangement i kretsen. Men vi er trygge på at vi får den helga vi ynskjer.

Vi har seks gode arrangørlag, og vi drodler difor med tanken på å vere 6 arrangører til neste år. Vi har tilgang på ei langhelg med Himmelspretten, slik at det ligg til rette for å prøve det. Men korleis vi gjere det, må vi komme tilbake til. Vi har planlagt kick-off for Lerum 2021 rett over nyttår, og då setter vi fart mot det som skal skje til våren.

Vi sjåast!