Arbeidsgruppa er i gang med planlegginga av Lerum Cup 2021. Som tidlegare opplyst, så planlegg vi for Lerum Cup helga 13. til 16. Mai. Det er ei langhelg, med himmelspretten torsdag 13. Mai.

Det er framleis usikkerhet knytta til Covid-19 og smittevern, så det er ikkje så lett å planlegge når man ikkje heilt veit kva framtida vil bringe. Men vi håper i allefall at vi skal få det til.

Eit anna moment som vi diskuterer, ettersom Aurland no har fått opp sitt flotte anlegg og ynskjer å vera med på arrangementet, er at vi er seks gode arrangører, og vi diskuterer om vi skal vere seks stevner, eller om vi skal vere fem som vi har vore før. Det ligg ein del utfordringer i det både i forhold til dei ulike premiekategoriane, det ligg logistikkutfordringer i forhold til at alle skal komme seg rundt på 6 stevner, og det ligg også logistikkutfordringer i forhold til at arrangørane skal kunne gjennomføre sin eigen skyting. Ein anna ting er at det kan komme til å variere i åra fram over om vi er fem. eller seks, arrangører når andre store stevner som til dømes LDKS tilfaller vårt samlag, eller det er andre ting som gjere til at ein av arrangørane ikkje kan arrangere. Og det er heller ikkje kvart år vi har tilgang på ei lang helg. Så det er ikkje berre rett fram, men vi ser at i år er det mulighet til å prøve det ut, i og med at vi har tilgang på langhelga, og alle seks laga er innstilte på å vera med.

Så det ligg an til at det blir seks stevner i 2021, men vi må jobbe meir med korleis vi eventuellt gjere det. Endeleg bestemmelse gjere vi på neste møte som blir i Februar. Då vil vi kunne seie meir om korleis dette vil bli, om det blir seks stevner, og alle tel med. Eller om det blir seks stevner, og vi stryk det dårlegaste resultatet slik at berre fem stevner tel med i samanlagtresultata. Det er også ein del tekniske ting som må på plass og som skal fungere i forhold til dette, fordi det er ikkje gitt at det dålegaste resultatet er det rette å stryke i alle premiekategorier.

Informasjon om påmelding og andre ting kjem også i etterkant av møtet i Februar.

Men jobben er altså starta, og vi ser framover mot våren og eit nytt skyttareventyr. Som alltid er vi åpne i forhold til innspel som kan gjere oss bedre.