Arbeidsgruppa har i Teams-møte i kveld diskutert situasjonen. Det er framleis vanskeleg å sei om det let seg gjera å arrangera noko i Mai, slik smittesituasjonen og smittevernsreglane er no, og ser ut til å bli. framover.

Men vi vil likevel forsøke å holde på helga i Mai, 13-16. Mai så lenge som mulig. Myndighetene har sagt at dei vil komme med ny informasjon om ei eventuell gjenåpning av samfunnet tidlegast 12.april. Difor vel vi i første omgang å avvente til etter det, og tek oss eit nytt møte13.April for å fatte endeleg besluttning.

Dette vil og sei at vi må utsette påmeldinga ei veke, og nye datoar for påmelding via web blir då 14. til 16. April, med påfølgjande påmelding via web frå 19. April.

I tilfelle vi ikkje får arrangert i Mai, har vi sett på alternative datoer. Vi har ikkje noko ynskje om å gå andre i næringa, eller å tråkke nokon på tærne. Å finne ei alternativ helg synte seg å bli vrient all den tid vi også må ta hensyn til LDKS, Samlagstevner, og andre ting som skjer både her lokalt og ellers. I tillegg skal vi kunne få mannskap nok til eit forsvarleg arrangement. Så den helga vi landa på som alternativ dato er 25. til 27. Juni.

Dette vil nå bli behandla internt hjå dei ulike arrangørlaga, for å verifisere at vi faktisk har mannskap til denne helga.

Så neste informasjon vil komme frå oss når vi har hatt møte 13.April.

Vi ynskjer alle ei riktig god Påske