Ut i frå det som myndighetene har lagt fram i dag, med dei smittevernreglane som skal gjelde framover, og at man ikkje ser føre seg ytterlegare åpnig før tidlegast i Mai, så har vi etter ein kort meiningsutveksling i kveld bestemt oss for at å invitere til eit stort stevne i Mai ikkje er forenleg med slik situasjonen er.

Då set vi heller vår lit til at det skal vere mulig å skape oss ei fin langhelg på dei alternative datoane som vi satte oss, og då blir Lerum Cup-stevnene no endra i arrangementskalendaren til datoane 24. til 27 Juni.

Dette fører også til at vi venter med oppstart av påmelding noko. Ny datoer for førehåndspåmelding via e-post er 25. til 27, Mai, med opning for påmelding via web i perioden 1. til 18. Juni.

Vårt neste steg no blir å opprette stevnene i Mitt DFS, og det skal vi ha nokre rundar på korleis vi skal gjennomføre. Vi ser føre oss at det blir eit arrangement med visse smittevernreglar også i år. Dette gjekk så fint i fjor, at vi ser ikkje det som det store problemet. Vi håper berre at det blir mulig å arrangere siste helga i Juni.