Vi er like spente vi, som alle andre, på kva som skjer dei nærmaste vekene. Vi ser at det er aktivitet både på nettsider og på facebook. Det er ikkje så lett å planlegge noko vi ikkje veit om vi får gjennomført. Men vi arrangørane er i tett dialog nesten kvar dag, og er beredt til å hive oss rundt så fort det skjer noko positivt.

Planen vår er at vi skal gjennomføre førehåndspåmelding for grupper via e-post i dagane 25. til 27. Mai, og åpner då for påmelding på web frå 1.Juli. Opplegget for stevnet ser vi føre oss med samme rutiner som ifjor. Vi planlegg å starte torsdag 24. Juni klokka 12.00 på alle arenaer, det samme fredag 25. , og i helga så arrangerer vi frå morgoen av. Ein oppmoding kan vere at dei som har anledning til å bruke torsdagen, så kan det sikkert vere ein fordel å planlegge for det, for i helga blir det heilt sikkert tett om plassane.

Det jobbes med mannskapslister, og ellers det vi kan gjere. Men vi er avhengig av at samfunnet åpnes ytterlegare for at gjennomføring skal vere mulig, Vi ser at ein del arrangement rundt oss her allerede er avlyste, eller utsatt, men vi held på håpet om at situasjonen tillater skytestevner når vi kjem til slutten av Juni.

Vi følgjer som sagt utviklinga kvar dag, men som de sikkert forstår, så er det mange usikkerhetsmoment som vi må ha ein avklaring på. Det kan drøye heilt inntil planlagt oppstart av påmelding før vi har ei avklaring, det avhenger av når myndighetene bestemmer seg for kva reglar som skal gjelde for sommaren. Men vi er ved godt mot, og håper at det går slik vi har planlagt.