Med dagens vedtak i skytterstyret om avlysing av LS, og med dei signala som ligg føre frå helsemyndighetene om at det ikkje blir ytterlegare åpning av samfunnet no i Mai, så er vi arrangørane av Lerum Cup bekymra for at vi ikkje får gjennomført Lerum Cup på ein god måte i Juni slik vi hadde planlagt. Det er vanskeleg å planlegge for noko som mest truleg ikke kan gjennomførast.

Vi ynskjer å vere ansvarsfulle og i takt med helsemyndighetene sine retningslinjer på smittevern, og vil gjerne tilby skyttarane eit trygt og godt arrangement. Difor har vi i dag vore i dialog med DFS for å få klarlagt situasjonen, og om helgane der LS skulle ha vore arrangert er ledige. DFS gjer det klart at helga 12. til 15. August er ledig, så difor har vi i kveld vorte enige om å gjere som ifjor, flytter Lerum Cup ut i August, og håper med det å kunne lage eit like flott arrangement som vi gjorde på hausten ifjor.

Vi beklager dei ulempene dette medfører med ombooking av overnattinger og så vidare, men vi meiner det er bedre å vere ryddige på eit tidleg tidspunkt slik at det kan ordnes, framfor å dryge beslutninga heilt inntil, og at man då kanskje ikkje får ordna det som trengs. Då kan vi også forhåpentlegvis lage eit bedre arrangement med mindre begrensningar enn det som ville vore mulig med eit eventuelt arrangement i Juni.

Nye datoar for Lerum Cup 2021 er altså 12. til 15. August.

Det fører jo og til at periodane for påmelding blir utsatt. Detaljar om det kjem vi tilbake til om ikkje så lenge.