Den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves heiter det. Etter at myndighetene åpna opp for trinn 3 i gjennåpningsplanen, og det vart klart at det igjen er mulig å arrangere skytestevner, så kan Lerum Cup og andre arrangører sette i gang sine arrangement.

Men det vil framleis vere smittevernreglar å forholde seg til. For Lerum Cup betyr det at vi lager omlag samme opplegg som ifjor. Det er framleis 1 meter avstand som er hovudregelen, så sjølv om det er enkelte grupperinger som er unnateke regelen så må vi ha kontroll. Difor kan det vere enkelte lag med redusert kapasitet. Våre stevneregler finn de under fana Program.

Lerum Cup vil altså bli arrangert frå torsdag 12. August til søndag 15.August. Vi arrangerer frå klokka 12;00 på torsdag og fredag, og frå klokka 08:30 på laurdag og søndag. Det blir lagt inn ein vedlikeholdspause midt på dagane, der det blir ca ein times opphold i skytinga på alle arenaer. Då får vi utført nødvendig vedlikehold, og ekstra reinhold.

Førehåndspåmelding av grupper vil bli gjennomført frå tysdag 6.Juli til torsdag 8.Juli. Dette blir eit ekstra krevande arbeid når vi år blir 6 arrangører, men vi skal som vanleg gjere vårt beste for å etterkome ynskjer så langt som råd. Men til lags åt alle kan ingen gjera, så ein må pårekne at ein kan få andre skytetider, og andre rekkefølgjer på stevnene enn det man i utgangspunktet har ønsket. Men slik må det bli om alle skal få skytetider som let seg gjennomføre. Påmeldingsskjema, og all informasjon om påmelding, finn de på vår påmeldingsside.

Så ein liten viktig ting til slutt; Vi veit at mange kjem med bubilar og campingvogner. Det kan lett skape kaos. Så for det første; Ikkje ta med campingvogna til skytebanene. For dei som har bubil så kan det også vere ei utfordring med tilkomst og parkering. Og vi har plassar der det er problematisk, og spesiellt opp til Mjøen Skytebane hjå Farnes. Vi anbefaler difor å ta kontakt med arrangøren i god tid, gjerne dagen før du skal skyte, så vil det kunne late seg organisere med transport til og frå parkering litt lenger unna, så slepp ein å køyre med ein stor bubil der ein ikkje bør køyre. God kommunikasjon og service løyser det meste.

Det vil vere vertskap hjå alle arrangørar som tek imot alle på ein hyggeleg måte.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til årets skytterfest i Sogn.