For kunne lage eit godt arrangement er vi avhengige av mange støttespelarar. Vår hovedsponsor, Lerum as, sikrer oss samanlagtpremiering i alle klassar, samt viktige kioskvarer. Men vi har fleire bidagsytarar:

Avtale med Norma - dfs.no

Norma Skytterprodukter bidreg med eit gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-, og dei vil også vere å finne med stand hjå Leikanger under Lerum Cup.

Forside Skytterlinken

Skytterlinken bidreg med eit gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-, og dei vil vere å finne med stand hjå Knipenborg.

Dagfinruds Våpenforretning

Dagfinrud bidreg med gåvekort til samla verdi NOK 3000,-, som vi har valgt å dele opp i tre gåvekort på NOK 1000,- slik at fleire skal ha sjansen til å vinne ein premie. Bjørn Dagfinrud kjem til Aurland med sin stand.

Skytterbriller | For den aktive skytter

Skytterbriller.no, optiker Jan Brekke bidreg med gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-. Jan Brekke blir å finne i Aurland med sin stand under Lerum Cup.

Landrø AS Magne

Magne Landrø AS bidreg med gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-. Om dei blir å finne under Lerum Cup er ikkje bekrefta.

Thon Hotel Linne | LinkedIn

Thon Hotell Linne, Oslo, bidreg med to gåvekort på to overnattinger i dobbeltrom for to personer. Dette er hotellet mange bruker udner til dømes Oslo Open.

I tillegg har vi ei rekke andre lokale støttespelarar, som alle er profilerte med logo og lenker på våre sider. Alle sammen like viktige for oss.

Vi minner også om Super Jackpotten vår, som er den stadig aukande vandrepremien til vinnaren av Lerum Cup klasse 3-5. Det er tre skyttarar som hittil har aksjer i den. Kim Andrè Lund frå Jondalen har to aksjer, og kan løyse den ut med siger i år. Tor Harald Lund, Søgne, og Jeanette Hegg Duestad har kvar sin aksje. Jackpotten må vinnast tre gonger, og auker med NOK 2000,- for kvart år den går. I år, 2021, er den oppe i den nette sum av NOK 10 000,-.

Men det er mange gode skyttarar til start, og heilt sikker fleire som vil vera med å kjempe siger i årets Lerum Cup. Så det blir spennande å sjå kven som dreg det lengste strået. I år får ein altså stryke det dårlegaste resultatet ettersom det er seks arrangører, og det er som alltid fem stevner som tel med i samanlagtresultatet.