Det har dessverre oppstått ein situasjon med utbrot av covid-19 både i Årdal, og i Sogndal. Situasjonen er uoversiktleg for kommunane, og kommuneleiingane har difor i felleskap gått ut med oppfordring om at arrangement må utsettast eller avlysast for å begrensa reiseaktiviteten inn og ut av kommunane. Det er ein trist situasjon vi har havna i, men vi ser ingen an utveg enn å avlyse Lerum Cup 2021.

Det er sterkt beklageleg overfor dei som har gleda seg til å komme, og som har booka overnatting ulike stadar. Vi veit ikkje korleis mulighetane er for avbestiling, men det lyt dere ta direkte med overnattingsstadane.

Vi er svært leie oss for dette, men kan ikkje gjere anna enn å følgje dei oppfordringane vi får frå kommuneleiingane, så får vi håpe at vi kan komme sterkt tilbake til våren med Lerum Cup 2022. Nå lyt vi ha litt tid for ordne opp i det vi står i, så skal vi komme med meir informasjon når vi har ting klart. Men datoane me siktar oss inn på er 19. til 22. Mai 2022. Då håper vi inderleg å kunne lage skytterfest i Sogn.