LerumCup program:

Lør 19.Juni Søn. 20 Juni Tor. 24.Juni Fre.25.Juni Lør. 26.Juni Søn 27.Juni
Aurland 10:00-12:15    ikkje arr. 12:00-20:15 12:00-20:15 08:30-19:00 08:30-16:45
Knipenborg 12:30-14:45    ikkje arr. 12:00-20:15 12:00-20:15 08:30-19:00 08:30-16:45
Farnes 14:15-16:30    ikkje arr. 12:00-20:15 12:00-20:15 08:30-19:00 08:30-16:45
Sogndal   ikkje arr. 10:00-12:15 12:00-20:15 12:00-20:15 08:30-19:00 08:30-16:45
Leikanger   ikkje arr. 12:00-14:15 12:00-20:15 12:00-20:15 08:30-19:00 08:30-16:45
Hafslo   ikkje arr. 14:15-16:30 12:00-20:15 12:00-20:15 08:00-19:00 08:30-16:45

Alle detaljer om skytetidene er kun cirkatider, og ikkje eksakte. Det vil sei det kan bli skyting også utenfor desse tidene.
Tidene i tabellen viseer første og siste lag. Så kan det tilpasses, og eventuellt leggast til lag om situasjonen tilseier at det
er nødvendig.
Laurdag 19. Juni og Søndag 20. Juni er arrangørdager tilpasset kun for arrangører. Dagane har diffrensierte skytetider for
at arrangørar skal kunne rekke rundt på alle stevenene. Det kan vere mulig for andre å få skyta på desse dagane, men dei
må då følgje arrangørane i den diffrensierte rekkefølgja. 

For henvendelser og spørsmål om påmelding ber vi om at adressa paamelding@lerumcup.no blir brukt. 

For alle stemnene vert det skote etter DFS sin 35 skot, bortsett frå klasse Ny Ungdom, Ny Voksen, kl. 1 , Kikkertklassen, og AG3/HK416. Desse skyt kun 25 skot.

Vi reknar med at vi må ha visse smittevernreglar også i år, og ein må difor pårekne at reglane frå ifjor heilt eller delvis også vil gjelde for i år.

Stemnet er ope for alle klassar (inkludert Ny Ungdom), men alle deltakarar må vera sjølvhjelpne på standplass. Vi kan ikkje ha andre enn deltakande skyttarar inne på standplass, og vi må følgje dei avstandsreglar som gjeld.

Øvrige generelle stevnereglar for Lerum Cup :

Påmelding: Arrangørane ønsker at ein person skal melde på alle i sitt reisefølgje. Dette for å redusere kødannelse og smittefare. Kun kontantlaus betaling. Kort eller Vipps.

Registrering av alle gjester: I henhold til gjeldande smittevernreglar skal alle gjester registreres. Dette vert gjort ved at det vert lagt ut protokoller lett tilgjengeleg ved inngang til arenaer, der alle gjester skal skrive seg inn med navn, telefonnummer, og tidspunkt. Det gjeld både deltakarar, alle familemedlemar, supportere, og andre som er innom arenaene.

Opprop: På grunn av smittevernreglane vil skyttarane denne gongen måtte møte til opprop 10 minutt før tildelt skytetid. Innmarsj blir 1 og 1 skytter med omsyn til avstandsreglane. Den enkelte arrangør organiserer dette tilpasset sin arena, og instruksjoner vert gitt via oppslag og av koronavakt ved oppropsplass. Innmarsj på klarsignal frå standplass.

Liggeunderlag: I henhold til gjeldande smittevernreglar skal alle deltakarar bruke eige liggeunderlag som dekker kroppen.

Visitering av våpen: I henhold til gjeldande smittvernreglar skal skyttarane sjølve utføre visitasjon av eige våpen etter endt skyting. Kontrollør skal påsjå at det vert gjort. Det anbefales bruk av kammerflagg, då det vil gjere det lettare for kontrollørane å sjå at kammer er tomt.

Avbrutt skyting: Hvis ein arrangør må avbryte skytinga, vil resultata frå påbegynt skyting bli stroke, og skyttarane vil få refundert heile innskotet. Skyttarane vil få tilbod om å komme tilbake for å skyte på eit passande tidspunkt innafor stevnetida. Hvis ein skyttar ynskjer at resultatet, (eks. ein god 15 skot) skal bli ståande for til dømes å kunne ta del i premieringa, så vil arrangøren beholde innskotet, og skyttaren får ikkje tilbod om å skyte på nytt.

Standplassleiing: Det vil vere lik standplassleiing for alle stevner. Vi minner om dei nye sikkerheitsreglane som seier at kammerflagg ikkje kan fjernast, eller at sluttstykket ikkje kan settast i våpenet før det er kommandert lading.  Alle vil få 2 minutt klargjeringstid før første prøveskot. Deretter er det vanleg kommando: ” Er det nokon som ikkje er klar for serie?”.  ved svar “JA”. blir det kommandert: “Ja er sagt, Ildkommando starter om 20 sekunder”. Skytetidene skal gå heilt ut, sjølv om alle skyttarar er ferdige med sine seriar.

Venteliste: Skyttarar som set seg på venteliste for å skyte på ledig plass, må sjølve passe på å undersøke med stevnekontoret om det blir ledige plassar. Ikkje oppmøtte skyttarar risikerer å bli strokne 20 minutt før oppsett skytetid, og plassen kan bli tildelt skyttar(ar) på venteliste.

Innskot på alle stemner: Vaksne 160,- / Ungdom 80,- (50% i arr.avgift)

Arrangørane skyt:
Det blir skyting for arrangørar søndag 2.August hjå Leikanger, Sogndal, og Hafslo, samt måndag 3.August hjå Knipenborg og Aurland.