Hopp til hovedinnhold

Nordbohus Sogn AS

Nordbohus Sogn har lager og kontorlokaler på Kaupanger i Sogndal kommune. Me tek oss av alt innan bygg frå rehabilitering til nye bustader og offentlege prosjekt. Vårt nedslagsfelt er stort sett i Indre Sogn, men tek og på oss oppdrag i heile gamle Sogn og Fjordane.

Om oss

Nordbohus Sogn AS er eit selskap i konsernet NBH Sogn Eigedom AS som består av fleire selskap som driv med eigedomsutvikling. Me sel og byggjer bustadar i heile Sogn og deler av Sunnfjord. Nordbohus Sogn har lang fartstid i bransjen, og har vore medlem av Nordbohus kjeda sidan oppstarten til Nordbohus i 1985. Me har derfor over 40 års erfaring med å bygge nye bustader til kundar i alle aldrar og forskjellige fasar i livet. Me tek oss av alt av nybygg som einebustader, tomannsbustader og fleiremannsbustader.

Har og ein del større eigenregiprosjekt som bustadblokker og større byggjefelt der me utfører alt frå tomt til nøkkelferdig bustad som er klar til innflytting. I tillegg til nybygg tek me og på oss rehabiliteringsoppdrag på alt frå totalrenovering til mindre oppussing som kjøkken og bad.

Vi bygger fritidsbustadar

Dersom du er ute etter fritidsbustad, så er me og stolt av å vera Saltdalshytta-forhandlar, og me kan tilby eit bredt spekter av hyttemodellar frå Saltdalshytta. Finn du ikkje hytta som du er ute etter i katalogen, så kan me teikne om ei eksisterande Saltdalshytte eller me kan teikne ei heilt ny hytte med eigne arkitektar.

Lokalt byggefirma med solid erfaring og kompetanse

I tillegg til hus og hytter til privatmarknaden er me og med på ein del offentlege prosjekt. Me har hatt ein del offentlege bygg som til dømes skular, barnehagar og lagerbygg, og ser på oss sjølv som ein solid og attraktiv aktør også på dette markedet.

Når du vel oss, får du eit lokalt byggefirma med solid erfaring og kompetanse. Me har ein stor administrasjon som er klar til å ta imot deg som kunde og følgje deg opp undervegs i prosjektet, og me har over 30 dyktige tømrarar som er klar til å byggje din draumebustad. Gjennom vårt nære samarbeid med andre lokale bedrifter, kan me stolt tilby deg dei mest lokale, attraktive og innovative løysingane på marknaden!

Referanseprosjekt

Her kan du se noen av våre ferdige prosjekt.

1 / 0

Sertifiseringer

Sentral godkjenning
Godkjent lærebedrift
Miljøfyrtårn
KTI

Kontakt oss

Hva gjelder henvendelsen?

Din kontaktinformasjon

Hvor vil du bygge?

Hva kan vi hjelpe med?