Lerum cup 2019 er over

Tor Harald Lund vant Lerum Cup 2019

Lerum Cup 2019 er historie, og vi kan sjå tilbake på eit nytt godt arrangement. Nokre små tekniske problemer fekk vi, men ikkje verre enn at dei vart løyst ganske så fort.

Det såg ei stund ut til at Kim Andrè Lund også i år skulle stikke av med sigeren samanlagt. Men det var to andre som låg og luska i sivet.

Tor Harald Lund, som avslutta i Mjøen hjå Farnes Skyttarlag, måtte prestere til 347 der for å snyte Kim Andrè for konfekten. 346 ville vorte for lite, fordi Kim Andrè då ville ha hatt fleire innertiere.  Og Tor Harald holdt nervane på plass og klarte nettopp 347 som han måtte ha, og tok over leiinga.

Men spenninga var ikkje slutt med det. For på Hillestadstølen Skytebane på Hafslo skulle Halvor Trane Svendsen avslutte sin Lerum Cup litt seinare. Han hadde sjansen til å gå til topps, men det krevde 349, og minst 17 innertiere.

Og det begynte så godt. 150 poeng på klassen, og vi venta spent på 10-skudden. Og det starta med 10er ogs der på første skuddet. Men, så kom det ein 8er, og dermed var det køyrt for samanlagt siger.

Og kan vi gratulere Tor Harald Lund som vinnar av Lerum Cup 2019 samanlagt i klasse 3-5, og det til tross for at han ikkje vant eit einaste enkeltstevne. Det seier litt om kva som kreves for å vinne Lerum Cup. Det held ikkje med fullklaff i det eine stevnet, som til dømes under Landskytterstevnet, men du må prestere topp resultat på alle fem stevnene.

Med siger samanlagt blir det også napp i vår Super Jackpott som lever vidare til Lerum Cup 2020. Då vil det ligge 8000 kroner i potten.

Det beste enkeltresultatet i klasse 3-5 stod Kim Andre Lund for då han skaut 349 (25), og med det overtok banerekorden frå Peter Sørli med ein innertiar meir.

Det var og mykje god skyting i andre klassar. Spesielt må vi nevne Isak Elias Frøysadal Hauge frå Sunnylven, som på imponerande vis plasserte alle sine 175 skudd i tieren. 152 av dei i innetiaren. Det er det beste resultatet skutt av ein Eldre Rekrutt under Lerum Cup. Det er for øvrig kun ein skyttar som nokon gong har oppnådd bedre resultat enn dette, og det er sjølvaste Odd Kolsrud.

Isak Elias Frøysadal Hauge, Sunnylven Skyttarlag

Alle resultater finn du på våre resultatsider. Dei er uoffisielle inntil anna vert opplyst. Nå må vi i gang med å sjekke ut at alt er rett, at det ikkje er skyttere med feil skytterid. osv, som påvirker det totale resultatet. Så vil vi komme tilbake når vi har dei offisielle resultatlistene klare, og vi kan presentere fellespremieringa.

Sponsorar