Klikk her for påmelding 

Lerum cup 2024 blir arrangert helga 9. til 12 Mai. Som tidlegare år tek vi imot førehåndspåmelding av grupper via
e-post. Det vil skje i perioden onsdag 3. til og med fredag 5. April. 

Påmelding via web vil vere åpen frå 9., April til og med 5. Mai.

Førehåndspåmelding skal skje ved og fylle ut dette Påmeldingsskjema og sende det til paamelding@lerumcup.no.

Påmeldinger som kjem i andre format risikerer å ikkje bli behandlet.

Viktig å passe på når du fyller ut skjemaet:

SkyttarID: Pass på at skyttarane står oppført med rett skyttarID. Dette vil lette arbeidet med registrering av påmeldingane.

Rett klasse/Standplass: Pass på at skyttarane er meldt på i rett klasse, og på rett standplass. Skjemaet er delt i 100 meter og 200 meter, og skyttarane vil få tildelt skytetid på den standplass, og i den klasse, dei er oppført. Er til dømes ein skyttar i klasse EJ oppført på 200 meter, så vil han/ho får skytetid på 200 meter, og vere påmeldt i klasse 4.

Spesielle behov: Hvis det er skyttarar som skyt med samme våpen, eller det er skyttarar som treng hjelp, og at det er skyttarar som ikkje kan skyte i samme lag, så må dette noterast på skjemaet. Då tek vi hensyn til det.

Overnatting: Det vil også vere veldig greitt å notere på skjemaet kor man har planlagt overnatting, så skal vi også prøve så langt det er råd å ta hensyn til det ved tildeling av skytetider.

Tildeling av skytetider: Skytetidene som blir ført inn på skjemaet, vert rekna som ynskjer. Ein kan ikkje rekne med å få akkurat dei skytetidene ein ynskjer, eller den reiseruta ein ynskjer. Vi forventer at det vert stort påtrykk, og erfaringane viser at mange vil komme med dei samme ynskja. Vi skal etterkomme ynskjer, så langt det berre går, men vi er nøydde til å ta forbehold om at vi blir nøydde til å gjere justeringer både i skytetidene, og på reiserutene, for at vi skal klare å få til eit fornuftig opplegg for alle som ynskjer å koma til oss. Vi gjere alt vi kan, men til lags åt alle er vanskeleg å gjera.