Oppdatering Lerum Cup 2020

Det er i skrivande stund framleis ikkje avklart om det blir noko Lerum Cup i 2020, men vi har framleis eit håp. Det går rett veg, men vi veit ikkje kva rettningslinjer som vil gjelde framover sommaren og hausten, men det som truleg er sikkert er at om det blir Lerum Cup så blir det med visse korona-regler.

Det pågår møtevirksomhet og diskusjoner om korleis vi skal løyse dette om vi skulle få lov til å arrangere, men inntil vidare må vi berre vente og sjå kva som blir lagt av føringer.

Det vi veit er at arrangørane av Målrock, som var planlagt samme helga som Lerum Cup, har valgt å avlyse sitt arrangement. Dette vil igjen føre til meir ledig kapasitet ved hotella i Årdal, noko som kan hjelpe våre gjester om vårt arrangement vil kunne gjennomføres.

Vi har og diskutert om vi skal utvide arrangementet litt, ettersom vi kan forvente større pågang enn vanleg fordi vi nå er i ferietid, og at landskytterstevnet er avlyst. Det kan vere aktuellt å arrangere over fleire dagar for at fleire skal kunne få vere med, men dette er vanskeleg å planlegge ettersom vi ikkje veit meir enn det vi gjere i dag. Alt vi kan gjere er å håpe at Lerum Cup 2020 let seg gjennomføre.

Vi skal oppdatere så snart vi veit meir.

Sponsorar