Lerum Cup snautt halvveges

Etter fredagens skyting har Tor Harald Lund, Søgne, vist at formen er på plass. Etter tre stemner har han eit snitt på 346,67 poeng, og er den som ligg beste an i samandraget.

Tett fulgt av Halvor Trane Svendsen, Rælingen, og Eirunn Søyland, Åsane/Hordvik, begge med 346 i snitt. Men dei to sistnemnde har berre skutt to stemner.

Beste enkeltresultat står tittelforsvarer Trond Bergan, Jondalen, for då han oppnådde 348 hjå Farnes. Men han kom litt skeivt i gang hjå Knipenbirg og fekk «berre» 342 der. Men med god skyting på dei nesten stemnene så kan han fort vera i toppen nok ein gong. Leg til at også Arnfinn Bakkevoll frå Søgne skaut 348 hjå Farnes, men han har eit par innertiere mindre enn Bergan,

Mykje gjenstår enda, og det er vidåpent kven som til slutt står som vinnar av årets Lerum Cup.

I dei andre klassane kjem vi ikkje utenom å nemne Hanna Synnøve Huser frå Blaker, som skyt Eldre Rekrutt. Med 350 poeng med 30 innertiere to gonger blir ho jenta å slå i den klassen.

Ellers er det tett og spennande i mange klasser, og mykje moro gjenstår.

Vi starter opp igjen laurdag morgon klokka 08:30, og held på til godt ut på laurdagskvelden, så det blir ein lang dags ferd mot kveld.

Alle resultat kan du studere på her

Sponsorar